Brannvesenet har rykt ut til Huglo etter melding om skogbrann. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Då tidlegare brannsjef Børge Presthaug gjekk av med pensjon i påskeferien hadde Stord kommune lovd vekk stillinga hans heilt sidan 2012.

Stord kommune gjennomførte ingen ekstern eller intern utlysing til brannsjefstillinga som blei ledig då Presthaug pensjonerte seg for få veker sidan.

Bakgrunnen er at Jan Ove Anthun, som har vore varabrannsjef i ei årrekkje, hadde heilt sidan 2012 hatt ei avtale med Stord kommune om å rykke opp til leiarnivå når Presthaug skulle pensjonere seg.

Jan Ove Anthun er fersk brannsjef i Stord brann og redning. Foto: Stord kommune

Men å ikkje lyse ut kommunale leiarstillingar er ein praksis som Sivilombodsmannen har slått hardt ned på. I ei uttale frå i fjor i samband med ei liknande sak i Sarpsborg kommune konkluderte Sivilombodsmannen at kommunale leiarstillingar skal utlysast, og at det skal svært mykje til å fråvike dette prinsippet.

Dei meiner det er eit brot på kvalifikasjonsprinsippet og likheitsprinsippet at slike ledige stillingar ikkje vert kunngjort internt og utlyst offentleg.

Bakgrunn i arbeidsavtale

Kommunalsjef i Stord kommune, Knut J. Gram, seier at grunnen til at dei ikkje utlyste stillinga var av at dei vil behalde nøkkelkompetanse.

- Annonse -

– I denne saka har tilsetjingsutvalet konkludert med å tilby Jan Ove Anthun stillinga som brannsjef i Stord kommune utan utlysing. Bakgrunnen for dette er ein arbeidsavtale som vart inngått i 2012 der Anthun fekk lovnad på stillinga som brannsjef når Presthaug skulle gå av med pensjon.

Gram viser til at denne avtala gjorde at Anthun då kunne gjennomføre vidareutdanning for å førebu seg på brannsjefjobben.

– Med bakgrunn i dette kunne kommunen legge til rette for at Anthun fekk ta vidareutdanning i overordna beredskapsleiing og leiarutdanning. Anthun tilfredsstiller kvalifikasjonskrava til brannsjefstillinga på ein god måte.

Gram understreker at dette ikkje er ein vanleg praksis i Stord kommune, og opplyser at tillitsvalde i kommunen stiller seg bak denne tilsettinga.

– Dette er ikkje vanleg praksis i Stord kommune, men vart her gjort for å behalde nøkkelkompetanse. Både avtalen som vart inngått i 2012 og tilsetjinga er gjort i samarbeid med dei aktuelle hovudtillitsvalde.

Kontorsjef Bjørn Dæhlin i Sivilombodsmannen reagerer. Foto: Sivilombodsmannen

– Svært uvanleg avtale

Kontorsjef i Sivilombodsmannen, Bjørn Dæhlin, seier det skal svært mykje til at kommunar har høve til å la vere å utlyse slike stillingar.

– Det skal ganske mykje til at kommunar kan unnlate å utlyse eksternt. Det gjeld spesielt leiande stillingar i kommunen og i sentrale kommunale einingar.

Dæhlin meiner arbeidsavtala frå 2012, der Anthun fekk lovdnad på stillinga er svært uvanleg.

– At ein inngår avtale med ein nestleiar i samband med tilsetjing, med lovnad om fortrinnsrett, det meiner eg er ganske spesielt. Det har eg aldri høyrt om før. Det kan vere andre som hadde vore interessert i denne stillinga som brannsjef, seier Dæhlin.

Samtidig har Dæhlin forståing for at kommunen vil sikre at dei får bruke vidareutdanninga som dei har påkosta brannsjefen, men meiner altså at dette ikkje er god nok grunn til å la vere å utlyse.

– Argumenta er i seg sjølv forståelege og relevante. Men om dette er tilstrekkeleg til å la vere å utlyse stiller eg spørsmål ved. Hadde det vore snakk om ein veldig liten kommune veldig det vore lettare å akseptere dette.

Sigbjørn Framnes. Foto: Stord kommune

Venskap og kjennskap

Sigbjørn Framnes (Frp) meiner det er kritikkverdig av Stord kommune å ikkje lyse ut stillinga.

– Eg reagerte då eg las dette i avisa. Ein skal alltid lyse ut for å sikre at me får den beste kandidaten. Dette prinsippet bør me følgje for alle ledige stillingar. Det kan ikkje vere venskap og kjennskap som gjer at ein får leiarstillingar i kommunen.

Framnes seier han skal stille spørsmål om saka i neste kommunestyre, men understreker at han ikkje har grunnlag for å tvile på at Anthun ikkje er godt nok kvalifisert til stillinga.

– Det kan godt hende han er den best eigna brannsjefen, men dette handlar om at leiarstillingar skal lysast ut for å etterleve at Stord kommune skal gi alle dei same moglegheitene, seier Framnes.

– Skal Anthun få halde fram i stillinga, eller bør ein krevje at stillinga no vert lyst ut?

– Viss han har fått stillinga må me påpeike at her har dei gjort feil. Alle leiarstillingar skal lysast ut.

- Annonse -