Båten gjekk på land i stor hastigheit på Fitjar-sida av kommunegrensa, nord for Jektevik. Foto: tipsar
- Annonse -

Blodprøvene av dei to førarane av båten som køyrde på land nord for Jektevik i mai syner at det er liten tvil om at dei hadde promille.

Det var for ein månad sidan at to menn frå Stord i 40-åra blei arresterte av politiet, etter at dei køyrde på land nord for Jektevik i stor fart. Politiet var tidleg ute med å mistenke promille, men måtte vente på svar frå blodprøvane for å få dette stadfesta. No har svara klar.

– Mistanken om promillekøyring er ikkje noko svekka etter at me fekk svar på blodprøvene, seier etterforskingsleiar i Stord lensmanskontor, Nils Blikra.

Politiet ønskjer ikkje å gå ut med detaljar frå etterforskinga før tiltalen er klar. Heller ikkje kva dei mistenkte har forklart om årsaka til at dei stakk av frå staden etter kollisjonen, medan ein storstilt leiteaksjon var i gang.

– Det er ikkje så viktig for oss å kommentere. Gjort er gjort og spist er spist, seier Blikra.

Stolar på forklaringane

- Annonse -

Han fortel at etterforskinga i hovudsak har bestått av å avhøyre vitne. Desse forklaringane skal ha passa overeins med kva dei mistenkte sjølv har forklaring om kva som skjedde.

– Opp mot det som er kome fram i saka så langt er det ikkje grunn til å tvile på det dei har forklart.

– Kor alvorleg ser de på det som skjedde?

– Å føre båt med promille er like alvorleg som å køyre bil med promile. Det er å utsetje seg sjølv og andre for risiko, og denne gongen gjekk det jo bra trass i parkeringa, for å seie det slik. Men me ser ikkje noko mildrare på dette enn annan type promillekøyring.

Saka går til hausten

Dei mistenkte har ikkje blitt fråteke førarkorta for bil som eit resultat av båtkrasjen.

– Me har ikkje gått så langt i dette tilfellet. På generell basis må det ligge fleire forhold til grunn for å ta frå ein førarkortet.

Politiet reknar med at saka vil gå for Sunnhordland tingrett i løpet av hausten.

- Annonse -