Normen for lærararbeidsplassar er seks kvadratmeter. På Leirvik skule disponerer lærarane under halvparten. Foto: Stord kommune
- Annonse -

– Klubben ved Leirvik skule vil rope eit kraftig varsko for både lærarane og elevane sitt arbeidsmiljø ved Leirvik skule.

Mykje har vore skrive om kapasiteten og dei tronge forholda ved Langeland skule. Men skal ein tru lærarar, foreldre og skuleleiinga ved Leirvik skule er forholda endå verre ved denne skulen.

– Verst av alt er lærararbeidsplassane. Her er så trongt og så fullt at her er knapt mogleg å vere. Folk klagar på hovudverk og vert uroa av både støy, støv og eit generelt elendig arbeidsmiljø, skriv tillitsvald Lars Ivar Sundfør ved Leirvik skule.

Han opplyser at kvar lærar ved Leirvik skule berre disponerer eit areal på to til tre kvadratmeter. Den statlege norma er at kvar lærar skal disponere seks kvadratmeter.

40 kvinnelege tilsette må dele på desse små toaletta. Foto: Stord kommune

– Det seier seg sjølv at det ikkje er mogleg å jobbe effektivt under slike arbeidsvilkår.

Elendige toalettforhold

Sundfør får støtte av samarbeidsutvalet ved skulen, leia av rektor Bjarte Bongom, som peikar også på dårlege toalettforhold for dei tilsette.

- Annonse -
- Annonse -

– Toalett- og garderobeforholda til dei tilsette er dårlege med berre tre toalett til meir enn 50 tilsette, to for damer og eitt for menn og ein garderobe på berre nokre få kvadratmeter. Det er ikkje høve for dei tilsette å dusje på jobb, skriv rektoren.

Vidare peiker Bongom på at skulen berre har eitt møterom for alle dei 50 tilsette på skulen.

Tilbygget til høgre er ikkje meir enn 21 år gammalt, men bør rivast grunna uforsvarleg standard, meiner tillitsvald ved Leirvik skule. Foto: Stord kommune

Urinlukt og mus i kjellaren

Men det er ikkje berre tilhøva for lærarane som det vert reagert på. Sundfør meiner tilbygget vest på skuletomta, som vart ført opp i 1997, bør rivast grunna uforsvarlege forhold.

– Slik me ser det bør dette bygget rivast. Bygget er lite funksjonelt og fungerer svært dårleg som undervisningslokale for dei minste borna. Inneklimaet er dårleg og toaletta luktar kontinuerleg urin. Kjellaren har både mus og vatn, og mange kjenner på hovudverk og at dette ikkje er eit godt bygg å opphalde seg i.

Også foreldreutvalet ved Leirvik skule skriv om dei dårlege tilhøva ved skulen.

- Annonse -

Dei trekkjer fram ein stor mangel på grupperom. Musikkrommmet vert nytta som grupperom for to klassar, og kan difor ikkje nyttast til musikkundervisning for resten av klassane.

Det vert også peika på at deler av skulen ikkje er universelt utforma. Det er til dømes uråd for personar med rørslehemming å kome til i romma for praktisk-estetiske fag, som ligg i kjellaren i austfløyen.

Blir stadig fleire elevar

Slik elevtalsutviklinga er vil situasjonen på skulen berre bli verre og verre.

– Leirvik skule er ein sentrumsskule og området vårt har stor tilflytting. Me ser at prognosane framover tilseier at skulen bør vere ein tre parallellskule, skriv Sundfør.

Stord kommune har nettopp gjort ferdig ein forstudie for å utvide skulekapasiteten i sentrum. Her vert den sprengte kapasiteten ved både Langeland og Leirvik skular sett i samanheng, og det vert lagt fram konkrete alternativ til korleis ein skal løyse floka.

Eit av alternativa er å avvikle dagens Leirvik skule og overta Stord vidaregåande sin skulemasse på Saghaugen. Her pågår det ein prosess mot fylkeskommunen for å få avklart pris og andre praktiske spørsmål.

Nybygg vil koste 68 millionar

Eit anna alternativ er å rive austfløyen, der gymsalen er i dag, samt tilbygget frå 1997, og føre opp nye bygg. Dette vil gi skulen utvida areal til lærararbeidsplassar, tre nye klasserom, 11 grupperom, spesialrom for kunst og handverk og ny gymsal. Dette vil utvide skulekapasiteten frå dagens 375 elevar til 525 elevar.

Denne løysinga er rekna å koste 68 millionar kroner.

– Leirvik skule bør få høgste prioritet i ny skulebruksplan og tiltaka Stord kommune må setta inn hastar, skriv klubbleiaren.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -