Jens Thoresen er pastor og lærar i Stord ungdomsskule. Foto: Pixabay/privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Lærar og pastor Jens Thoresen går hardt ut mot Stord sitt første Pride-arrangement i eit innlegg på Facebook.

– Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg.

Slik opnar lærar på Stord ungdomsskule og pastor i Kristkyrkja på Stord, Jens Thoresen, eit innlegg på Facebook, der han går hardt ut mot arrangementet «Storapride» som skal bli avholdt på Stord førstkomande laurdag.

– Gud sørgjer

Thoresen skriv mellom anna:

15. september skal det vera Pride-parade på Stord, og Gud sørgjer.Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod. Men no hyttar me knyttnevane våre mot han, og bed han om ikkje å blanda seg inn i liva våre.

Thoresen skriv vidare at han kjem til å be for dei som går i Pride-paraden laurdag.

- Annonse -
- Annonse -

Eg, og mange med meg, ber dagleg for Stord og alle som bur her, om lækjedom for sjuke, styrke for svake, om frelse for syndarar, om lys for alle som har det mørkt, om trøyst for dei som sørgjer og mangt anna. Laurdag ber eg: «Herre, miskunna deg over oss!»

Innlegget har fått fleire støttande kommentarar. Ein skriv: «Takk for at du vågar å tale tydeleg, Jens. Pride er eit dekadent fenomen. Me nærmar oss Romarriket sin praksis. Og skjebne, diverre.»

– Forplikta til å gi etisk rettleiing

Som lærar ved Stord ungdomsskule er Thoresen tilsett i kommunen, som skal flagge for Pride-arrangementet ved rådhuset laurdag. Ordføraren skal også halde appell under Pride-arrangementet.

Thoresen seier til Stord24 at han har skrive innlegget i kraft av rolla si som pastor.

– Bakgrunnen for dette innlegger er jo at eg er pastor i ein kyrkjelyd på Stord, og er forplikta til å gi etisk rettleiing. Difor uttrykkjer eg meiningane mine på denne måten. Synd fører alltid samfunn vekk frå Gud.

Thoresen meiner det er uproblematisk å skilje mellom rollene som ungdomsskulelærar og pastor.

- Annonse -

– Dette er forkynning, og eg forkynner ikkje i klasserommet. Samtidig byggjer den norske skulen på eit kristent verdigrunnlag. Det står ingenting om min arbeidsinstruks om desse tinga. Så det går heilt fint, seier Thoresen.

– Forventar profesjonalitet

Rektor ved Stord ungdomsskule, Anne Sissel Mugaas, seier til Stord24 at ho forventer at Jens Thorsenen sine synspunkt er noko han ikkje vil flagge i klasserommet.

– Eg tenkjer at Jens Thoresen privat må få stå for sine meiningar, og han har skrive dette som privatperson. Eg tenkjer ikkje at eg som rektor skal meine noko om kva han har skrive om i eit innlegg. Det er dermed ikkje sagt at eg eller skulen støttar det han skriv.

– Er det uproblematisk at lærarar i ungdomsskulen flaggar sin motstand mot homofili offentleg?

– Eg forventer at alle mine lærarar er lojale mot læreplanen og det dei skal undervise i. Så lenge ein ikkje lar synspunkta sine farge undervisninga og det ein skal lære i frå seg så tenkjer eg at eg må stole på at dei er profesjonelle i klasseromma. Skulen legg seg ikkje ut med det han meiner privat så lenge han ikkje tek med seg haldningar som ikkje høyrer heime i skulen, seier Mugaas.

Her er heile innlegget til Jens Thoresen:

Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg. 15.september…

Publisert av Jens Thoresen Mandag 10. september 2018

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -