Ingen tvil om kva Ingrid Hovstad og Hildegunn Strand meiner om å leggja ned Øvrebygda skule. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

DEBATT: Det er faktisk slik at eg tenkjer tanken på å flytte her i frå dersom skulen vert vekke, og det er ikkje sjølvsagt at Fitjar vert kommunen.

Av: Siv Marita Helland, Øvrebygda i Fitjar

Eg har meir eller mindre heile livet budd i Øvrebygda i Fitjar. Øvrebygda er ein herleg plass å vekse opp, litt vekke frå sentrum, men samstundes har ein det viktigaste innan rekkevidde – skule!

Skulen er først og fremst ein stad der borna i bygda treffes kvar dag for å få lærdom og fagleg kunnskap, men skulen er og ein  viktig arena utanom skuletida. Born og vaksne både i og utanfor bygda kjem saman for ulike aktivitetar, og her kan ein nemne aktivitetar i fleng, som til dømes Gubbatrim, Volleyball, Karate, Bridge, 4H og mykje anna. For ikkje å snakke om den årlege sosiale samankomsten som fleire gongar har fått avisoppslag etter seg; Kveldaseta. Der kjem sambygdingar saman for ei felles innsamling og støtte til ulike viktige formål. Vesle Øvrebygda har knust mange og mykje større plassar med engasjementet og gjevargleda si! Utanom denne begivenheten har me og den årlege 17. mai feiringa, der alle samlast. Utflytta kjem heim til bygda igjen og feirer i Øvrebygda, og ja, faktisk kjem det og innbyggjarar frå Fitjar sentrum. Kvifor?

Når alt dette er sagt ser eg også at fleire og fleire unge dei siste åra har flytta heim igjen til Øvrebygda for å etablere seg og stifte familie, noko som er fantastisk! Det er faktisk veldig lenge sidan det har vore så mange unge familiar og born i bygda. Det er herleg med liv og røre her oppe! Klart dei som flytter heim att vil at ungane deira skal vekse opp slik som dei sjølv gjorde. Men vil dei framleis det dersom skulen vert lagt ned?

Eg kan berre snakke for meg sjølv, men eg må seie at, nei, det hadde ikkje eg gjort. Det er faktisk slik at eg tenkjer tanken på å flytte her i frå dersom skulen vert vekke, og det er ikkje sjølvsagt at Fitjar vert kommunen. Det er og nesten ein protest mot slik kommunen tenkjer å gjere det i framtida, med sentralisering av skulen.

- Annonse -

Det me har no i Fitjar kommune, med grendaskulane, er heilt unikt! Eit tilbod og eit privilegium utanom det vanlege. Born får gå på nærskulen sin saman med naboborna, dei får vere i eit lite og kjent miljø som skaper trygge og gode relasjonar. Dette er eit viktig fundament i læringsprosessen. Det unike er og all tida læraren får saman med den einskilde eleven, der eleven er sikra å bli sett. Og å bli sett er ein av dei viktigaste førebyggjande faktorane ein har når det kjem til å unngå ulike uønska hendingar.

Som elev har ein krav på å bli sett, og det er ikkje ein enkel jobb for ein lærar å oppfylle dette kravet i ein klasse med over 20 elevar. Der vert dei sårbare enda meir sårbare. Ja, det går jo fint rundt om i det langstrakte land seier nok den og dei som «har styggen på ryggen», men la oss i Fitjar kommune stå i mot og la oss verne om det unike. Me må stå i saman mot straumen og vise at ME KAN og ME VIL! Me har og me vil ivareta det unike, ME VIL HA GRENDESKULANE VÅRE!

Og avslutningsvis vil eg kome med ei oppmoding til dei som skal finne dei økonomiske løysingane på dette; finn pengane ein annan stad, grav djupt nok i pungen og lett nokre steinar, tenk utanom boksen og fiks det, om ein så må auke avgifter eller ta opp eit lån!

- Annonse -