Arbeidet med West White Rose-prosjektet utanfor Newfoundland vil bli utført i 2021. Illustrasjon: Husky Energy
- Annonse -

Oljeservicekonsernet sikra seg arbeid med å slepe og installere betongplattforma på White Rose-feltet utanfor Newfoundland.

Det er det kanadiske oljeselskapet Husky Energy som har tildelt Kværner kontrakten med dei marine operasjonane i White Rose-feltet på andre sida av Atlanteren.

Betongplattforma som står fast på havbunnen utgjer hovuddelen av i utbyggingsprosjektet West White Rose, i det eksisterande White Rose-feltet.

Det er ikkje første gong Kværner har hatt arbeid i det oljefeltet.

– Kværner var også ein av hovudkontraktørane for levering av det flytande produksjonsskipet SeaRose til Huskys White Rose felt. Me er stolte av at Husky igjen har vald Kværner for eit avgjerande prosjekt, melder Kværner-sjef Jan Arve Haugan i ei pressemelding.

Arbeidet som skal gjerast er engineering, analyse, planlegging og utføring av dei marine operasjonane under slepinga og installasjonen av betongplattforma. Kværner vil også ha ansvaret med å installere betongstrukturen på havbotn.

- Annonse -

– Krevjande marine operasjonar er eitt av Kværner sine kjerneområde, og me har tidlegare gjennomført slike prosjekt rundt om i heile verda. Me vil halde fram med å styrke tilbodet vårt i dette segmentet, seier Haugan.

Arbeidet er planlagt å bli utført først i 2021.

- Annonse -