Foto: Eldøyane næringspark
- Annonse -

Har inngått avtale om å kjøpe demoleringsverksemda GMC Decom på Stord, som vil auke demoleringskapasiteten til Kværner.

Bakgrunnen for kjøpet er at demolering vert definert som eit vekstsegment for Kværner, med potensial for kontraktar i mange tiår framover.

Anlegget til GMC Decom er næraste naboen til Kværner sitt eksisterande demoleringsanlegg. Kjøpet vil auke anlegget til Kværner med 35 prosent.

– Sjølv om det er smått i eit finansielt perspektiv, vil overtakinga av GMC Decom gi oss verdifull kompetanse, utstyr og landområde for ytterlegare å auka kapasiteten og konkurranseevna vår i dette vekstsegmentet for Kværner, seier Hans Petter Mølmen, konserndirektør med ansvar for Concrete & New Solutions i Kværner.

Vidare vil Kværner få ein høgkapasitets stasjonærsaks i drift som er i stand til å klippe stålstrukturar som er opptil åtte meter lange med ein tjukkelse på 150 millimeter.

Kværner har fått fleire viktige demoleringskontraktar den siste tida. I vinter fekk dei kontrakt for opphogging og gjenvinning av to Varg A-plattforma og plattformdekket og brua for Valhall QP-plattforma.

- Annonse -

Den mykje omtalte kaiutvidinga på vertet vil også føre til at Kværner får eit alternativt innlastingsområde for strukturar som skal til demolering.

– Kaiinvesteringa gjer oss også betre i stand til å jobbe med fleire store og mindre prosjekt i parallell. I tillegg vil kaien gi oss fleksibilitet og moglegheitar inn mot potensielle nye marknader, seier Mølmen.

Det er ikkje kjend kor mykje Kværner har betalt for GMC Decom sitt anlegg.

- Annonse -