Geir Martin Økland er styreleiar i Stord Kristne Skule. Foto: privat
- Annonse -

DEB ATT: Om ein tar Gud bort frå skulen vert ikkje skulen nøytral, men ateistisk, det er også ei tru, og på ingen måte nøytralt, skriv Geir Martin Økland i Stord Kristne Skule.

Når det gjeld skuleplanane i Podlen så vil eg gjerne kommetere lesarinnlegga til Akhtar Chaudry og John F Tønnesen.

For det første så seier Akhtar Chaudry at vi har søkt om å ha skule for 100 barn i Podlen. Det er direkte feil, vi har søkt om å ha 38 born der. Når det gjeld utearealet så tar han ikkje med at vi har 1,2 mål skulegard ned mot sjøen, og 300 mål utmark innafor 150 meter frå skulegrensa, og dermed innafor det som akseptert jamfør veiledar. Dette må ein ta med i tankane når ein skal uttale seg, elles vert biletet heilt feil.

Følg debatten:

Han er einig med Brosvik når han seier at uteområdet ikkje er ideellt, kva er ideelt? Dette området har svært gode kvalitetar. Blant anna vil vi få minst like mykje uteareal pr elev som på dei andre skulane på Stord, og det er før vi reknar med tilleggsarealet. Når det gjeld å dela opp friminuttane så vil vi ved behov, i første omgang skille 1-4 trinn, frå ungdommstrinnet. Det er også vanleg i Stordskulen.

Akhtar Chaudry har heller ikkje tatt med at desse 38 borna har over 1000m2 areal inn. Det er ca 700m2 meir en vanleg. Han siterer Churchill med: «Vi former våre bygninger, deretter former de oss». Faktorene eg nevnte gjer at skulen vert den med best inneareal pr elev, av alle skulane på Stord, og så lang eg veit den einaste skulen med eigen båtplass i nærområdet, og i tillegg har vi svært mykje uteområde, langt over det som veiledar anbefaler. Dette er frammifrå rammer for borna.

- Annonse -

Årsaka til at administrasjonen ikkje ville gje oss utteljing for tilleggsarealet, var kort sagt at vi må kryssa forgjengarovergang for å komme til tilleggsarealet. Det meiner vi er forsvarleg i følgje med vaksne.

Når det gjeld fellesskulen og korleis ein friskule vil være i samanlikning med den, så har vi på Stord grupperingar, sør og nord for «bekkjen». Spesielt det å bu i Sagvåg og Litlabø blir sett ned på, av enkelte på Stord. Ein kristen friskule vil samla elevar frå heile øya, og bryta ned fordommar mellom folk frå forskjellige områder på øya. Kristne friskular i Noreg gjenspeilar generelt sett eit spekter av elevar som viser samfunnets mangfald.

For å bruke eksempel, så er det ein del muslimar som vel kristne skular. Sjå blant anna: NRK muslim-i-kristen-skole,NRK Muslim St Sunninva, Forskning: Muslim på kristen friskole  I tillegg er det mange elevar som kjem til friskular fordi dei ikkje finner seg til rettes på den offentlege. Eg veit sjølv om fleire elevar som opplevde ein friskule som «redninga». Då dei hadde store vanskar der dei var. Sjå også: Mobbeofre-reddes-av-kristne-friskoler. Ei undersøkjing som kom i haust visert at kristne friskular langt ifrå berre består av elevar med kristen bakgrunn. Også berre halvparten av elevane i kristne skuler går der fordi skulen er kristen. Eg trur at ein kristen friskule på Stord vil auka mangfaldet i skulefloraen og være eit kjærkommen alternativ for både kristne og andre.

Chaudry insinuerer at vi «skiller barn basert på hvilken religion de hører til». Det stemmer ikkje. Skulen vår er som andre kristne friskular open for alle. Men den har eit kristent fundament, og er oppretta på bakgrunn av menneskerettane, som gjev foreldre rett til å gje borna sine ei oppdraging i tråd med familien si tru.

Å tru at ein livsyns nøytal skule er noko meir samlande er ikkje rett. Det finnes ingen livsynsnøytral skule, det viser Signe Sandsmark i si doktorgradavhandling: Is world view neutral education possible and desirable? Om ein tar Gud bort frå skulen vert ikkje skulen nøytral, men ateistisk, det er også ei tru, og på ingen måte nøytralt.

Når det berre er eit mindretal i landet vårt som er ateistar, så er ei kristen ramme på undervisninga mykje meir samlande en ei ateistisk.

Skulen i Noreg hadde også kristendomsundervisning fram til 1997. Det er også ateistar som sende borna sine til kristne skular. Kort sagt så er det tre kategoriar som vel kristen skule, det er dei som ynskjer at elevane skal få gå på ein kristen skule, fordi skulen støttar opp om trua elevane har med seg frå heimen. Deretter er det er dei som ynskjer ein god skule for borna sine. Det viser seg at kristne skular og andre friskular kan gje eit anna tilbod en det offentlege, med mindre klassar, og gjerne med ei litt anna tilnærming til det ein skal lære, en den offentlege. Dette gjer at friskular ofte har rykte på seg for å være gode skular. Nokre foreldre ser fordelen av det, og prioriterer difor å sende borna sine til ein friskule.

Vi i Stord Kristne Skule vil også ha mindre grupper, være kreativ i undervisnigsforma, og vektleggja å leggja til rette for at den enkelte eleven skal få utvikla sine evner. Vi vil blant anna få Johanna Raffan til å kursa lærarane våre i korleis vi legg til rettes for elevar med høgt læringspotensiale. Det er ca 10 til 15 % av levane i skulen. Noreg ligg sist i Europe i forhold til å leggja til rettes for desse elevane. Her trur vi også at vi vil verta ein god bidragsytar blant skulane på Stord. Til sist så er det dei som vel ein friskule fordi eleven ikkje finn seg til rettes i den offentlege skulen. Når vi ser kor vanskeleg det er å bytta skule på Stord, så kan vårt alternativ bli eit kjærkomment val for dei som ønskjer å bytta skule.

Når det gjelder Tønnesen så tilgir vi han slik vi tilgir alle de andre som har stemt imot den kristne skulen. Eg har sansen for Tønnesen, han seier ting rett ut, og vågar å ta bladet frå munnen. Han sa blant anna at mange stemde utifrå ideologi. Det vil eg gje han ros for.

Når det gjeld at partiet hans stemde imot vår anke, så står det i avisa Sunnhordland, onsdag 24 mai, at Partiet De Grønne kjem til å røyste imot anken. Dette før dei hadde fått ankepapira i hende. Det viser at også dei stemde utifrå ideologi. Ei slik handsaming gjer at det ikkje har noko hensikt å skrive anke.

Heile ankeprosessen er jo lagt opp til at ein kan komme med motargument på den avgjerdsla som vert teken, og få prøvd saka på nytt, på bakgrunn av den nye tilleggsinformasjonen. Om sakshandsamar allereie har bestemt seg før dei les anken, så har ikkje ankeprosessen nokon verdi, og heile den demokratiske prosessen vert eit skuespel.

Når det gjelde proteststemma til Tønnesen så er han for seint ute. Då vi søkte om godkjenning til å starte ein kristen friskule, så vart søknaden vår i 2013, sendt til kommunestyret på høyring. Kommunen hadde då ein diskusjon slik Tønnesen etterlyser. Utfallet av den diskusjonen vart at kommunen frarådde ei godkjenning, på bakgrunn av at dei trudde at ein kristen friskule ville gå ut over kommuneøkonomien. Det resulterte i at vi fekk avslag hjå Utdanningsdirektoratet. Vi anka det avslaget, og fekk deretter eit nytt avslag, som vi deretter anka til Kunnskapsdepartementet. Der fekk vi medhald, då kommunen ikkje klarte å synleggjera at dei tapte pengar på ein kristen friskule, noko dei heller ikkje gjer. Men denne prosessen gjorde at søknaden vår vart utsatt eit år.

Vi meiner at saka har blitt diskutert nok, og at det ikkje var naudsynt med noko proteststemme. Men som sagt, vi tilgir Tønnesen. Å diskutere om ein skal gje lov til ein kristen friskule eller ikkje, på bakgrunn av økonomi eller ideologisk grunnlag, er også problematisk. Dette fordi retten til å starte kristen friskule, ligg i menneskerettane.

Å seie at vi ikkje har økonomi til å følgje menneskerettane, eller ikkje ønsker å følgje dei, av ideologiske årsaker, vert ironisk. Særskildt når Noreg er eit av verdas rikaste land, og vi som nasjon ønskjer å stå fram som eit foregangsland når det gjeld menneskerettar.

Den offentlege skulen på Stord er god, med mange flotte og dyktige lærarar. Vi trur alikevel at skulen vår vil bli ein kjærkommen plass for dei eievane som ønskjer å gå i den.

Kvifor ikkje gje skulen vår ein sjanse? Kva har ein å tapa på det? Om skulen ikkje leverer, så vil den ikkje overleva. Klarer vi å få til det vi ønskjer, så vil elevane blomstra, tenk om det skjer? Kanskje det vert som i Nordhordland, der dei etter nokre år, ser at ein kristen friskule ikkje er ein trussel for lokalsamfunnet, men ein skule som verkar til å auka mangfaldet, valfridomen, og som vert ein resurs for lokalsamfunnet.

 

Geir Martin Økland
dagleg leiar,
Stord Kristne Skule

- Annonse -