Midt i foajeen til Fitjar kultur- og idrettsbygg hadde kyrne gjort ifrå seg i dag. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Fredag føremiddag kom kyr seg inn i Fitjar kultur- og idrettsbygg og etterlét seg store mengder illeluktande kuskit i foajeen. 

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Han fekk eit oppdrag utanom det vanlege, Tormod Bergesen, då han blei tilkalla til Fitjar kultur- og idrettsbygg i føremiddag. Reinhaldaren på huset har ferie, og derfor måtte dei han hjelp av ein mann som kan løysa all slags oppgåver.

Sjølv Tormod var ein smule rådvill då me snakka med han for ei lita stund sidan. Men etter det me forstår, har han fått kontakt med kompetent personell som kan gjera jobben.

Det var i føremiddag mellom klokka ni og halv tid ein liten flokk kyr tok turen innom foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Resultatet av besøket let ikkje venta på seg, store mengder blaut kuskit flaut utover flisegolvet rett innanfor inngangsdøra.

- Annonse -

Heldigvis ser det ikkje ut til at dei gjorde annan skade i huset, før dei fann vegen ut igjen sjølve.

- Annonse -
- Annonse -

Fysioterapeut Kari Raunholm minner om at Fitjar kultur- og idrettsbygg har universell utforming. Tanken er at så mange som mogeleg kan gjera seg nytte av huset, uavhengig av funksjonsevne. Men denne gongen fekk me eit uheldig utslag – huset er ikkje for kyr!

Ein tvirådig Tormod Bergesen kvir seg til å gå laus på kuskiten. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -