Leiar-trioen i KrF hadde ikkje noko problem med å halde maska, sjølv om Hareide gjekk på ein politisk smell og måtte gå av som partileiar. Foto: KrF
- Annonse -

Det nervepirrande politiske dramaet fekk sin sluttstrek fredag kveld. Blant Stord-politikarane er det både skuffelse og glede å finne.

Gruppeleiar for KrF på Stord, Torbjørn Brosvik, var blant dei utsendte delegatane til KrF-landsmøtet. Brosvik har heile tida støtta eit samarbeid med Høgre-sida, og fekk det difor som han ville.

Brosvik rapporterte i sanntid på Facebook kva resultatet frå røystinga vart:

Publisert av Torbjørn Brosvik Fredag 2. november 2018

«Godt å slippe unna det røde åk»

I kommentarfeltet under statusen til Brosvik er det fleire som skriv at dei er nøgde med utfallet. Nestleiar i Stord Høgre, Vibecke Beyer, skriv «Verdig og saklig debatt med det beste resultat», og Fredrik Litleskare skriv «Godt å slippe unna ennå ei stund det røde åk.»

Tidlegare Ap-politikar på Stord, Leif Ottar Heimro, er blant dei skuffa, men ønskjer likevel partiet lukke lukke til:

- Annonse -
- Annonse -

«Hareide har imponert meg den siste tiden, han viste lederskap med å prøve en ny kurs vekk fra sperregrensen. Hadde håpet på en AP, SP og KrF regjering. Blir spennende å se om den (mørke-)blå kursen i KrF gir et varig løft for partiet. Blir spennende å se om den blå fløyen klarer å samle partiet, lede partiet inn i regjering, og ikke minst få større politisk gjennomslag. Uansett, lykke til.»

Ordførarkandidat for Stord Høgre, Øyvind Kyvik, meiner valet til KrF er viktig for realiseringa av Hordfast:

Veldig fornøyd med KrF sitt verdi val ????????Me har mange viktige saker som skal jobbast vidare med: redusere barnefattigdom,…

Publisert av Øyvind Kyvik Fredag 2. november 2018

Redda stortingsplassen

Liv Kari Eskeland (H) var i fare for å miste stortingsplassen sin, dersom KrF hadde valt å samarbeide med venstresida. Det er fordi ho eigentleg er vara for statsminister Erna Solberg, som då ville teke tilbake stortingsplassen sin. Kvelden var difor naturleg nok ekstra spennande for den tidlegare Stord-ordføren:

Måtte gå meg ein tur i KrF sin innspurt på landsmøte – herifrå går vi mot lyset.

Publisert av Liv Kari Eskeland Fredag 2. november 2018

- Annonse -

Linda Grundtvig i Framstegspartiet på Stord er også blant dei som feira:

Da er det klart a KrF vil søke samarbeid med den sittende regjering 🙂 og jeg mener at de vil få mer igjennom ved å…

Publisert av Linda Grundtvig Fredag 2. november 2018

– Ytre høgre får mykje makt

Men det var ikkje berre glede å finne på sosiale media. Nestleiar i Hordaland SV, Akhtar Chaudhry var blant dei skuffa:

KrF har i dag talt. Partiet velger å gå inn i den blå-blå-regjeringen. Dette vil gi ytre høyre i norsk politikk veldig…

Publisert av Akhtar Chaudhry Fredag 2. november 2018

Så var det dei som ikkje hadde problem med å finne humoren i situasjonen.

Me tek med denne frå Andreas Hauge:

Trur eg går for å dele veka mellom sammarbeidspartiaMandag- mandag er Venstre.Alltid lei, og bare surr.Tirsdag -…

Publisert av Andreas Hauge Fredag 2. november 2018

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -