Come Shine med Einar Økland på scena. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.
- Annonse -

Musikk set fargar på ord. Ord set fargar på musikk. Og det er nettopp dette som skjer når ein samlar to av Noregs største poetiske bauta på same scene som ei nyskapande jazzgruppe.

Falturiltu har nok ein gang imponert med sitt spenstige og allsidige program for i år, og gårsdagens avslutningskonsert i kulturhuset var ikkje eit unntak.

Saman med Stord jazzklubb kunne festivalen presentere den eminente musikkgruppa og tjueårsjubilanten Come Shine, på same scene som våre folkekjære poetar, Jan Erik Vold og Einar Økland – ein solid kombinasjon som sprenger seg ut av tradisjonelle rammer for musikk og litteratur.

Musikalsk sett vekslar repertoaret mellom slitesterke jazzstandards, som Can’t Help Lovin’ Dat Man, til meir utradisjonelle old school – cover av Johnny Cash. Dei tekniske evnene til Come Shine tilseier at gruppa er i stand til å spele kva som helst og få det til å låte kult, uansett sjanger. Men med tjue års erfaring å ta av er dette kanskje ikkje så rart.

På vokalfronten er det fint lite å utsette på. Live Maria Roggen står fram som ein karismatisk og kraftfull vokalist med forrykande solistprestasjonar.

Live Maria Roggen. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.

Pianist Erlend Skomsvoll skal heller ikkje undervurderast. Som kreativt drivhjul og ein råtass på piano, følger han Roggen som ein ivrig skugge og bidrar med sofistikert akkompagnement utan å overdrive. Samtidig skal Sondre Meisfjord og Håkon Mjåset Johansen ha skryt for årvåken, skarp rytmesans.

- Annonse -
- Annonse -

Musikken er vital, mektig og uttrykksfull, og som lyrikar skal det kanskje noko til å skulle konkurrere med dette lydbilete. Men både Einar Økland og Jan Erik Vold gjer ein formidabel jobb med å supplementere og løfte musikken til eit ytterlegare nivå.

Dikta forblir enkle og upretensiøse, men med latterleg stor effekt. Entusiastisk respons og latter frå salen tyda iallfall på eit begeistra publikum.

Til sjuande og sist handlar det nemleg ikkje berre om tekniske ferdigheiter, erfaring og talent. Det handlar om formidling. I boka Poesi ad lib frå 2013 er Jan Erik Vold sitert på følgjande vis: “Poesi er ein måte å vere på, ein måte å puste på, ein måte å sjå ting på.»

Jan Erik Vold. Foto: Kari Mendelejev Svanberg/Vindblikk.

Musikk set fargar på ord. Ord set fargar på musikk. Og det er nettopp dette som skjer når ein samlar to av Noregs største poetiske bauta på same scene som ei nyskapande jazzgruppe.

Ein kan høyre fargane, sjå lydane og smake på kjenslene – anten det er melankoli, nostalgi eller glede. Alle sansar er involvert.

Dette vil eg gjerne smake meir av.

 

- Annonse -
- Annonse -