Her, ved moloen i Grunnavågen har kommunen skaffa tomt til biogassanlegg. Saka skal endeleg handsamast i kommunestyret 24. mai. Foto: Gule Sider
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Det er svært kritikkverdig at rådmannen ikkje har vurdert om investeringa i kjøp tomta på Seglneset er ei god økonomisk investering, skriv Reinert Svanberg.

Av: Reinert Svanberg
sivilingeniør, Sagvåg

No er eg berre ein skarve sivilingeniør, så bedriftsøkonomi er ein av dei mange tinga som ikkje er mi sterke side. Likevel, eg tenkte ta dykk med på eit tankeeksperiment.

Om ein les i sakspapira har kommunen tenkt å støtte Seglneset med 618 500 kroner i året, og kallar dette bagatellmessig støtte (Eg vil kalle det ei nesten brukande årslønn, men for politikarar er det jo bagatellmessig). Heldigvis budsjetterer dei med ei inntekt på 700 000 på Seglneset (som jo då forsåvidt berre blir bagatellmessig pluss litt), og eit overskot på rundt 400 000 (som er 218 500 mindre enn bagatellmessig). Nok om det. Eg vil leke litt med desse tala, så ikkje dett av her, det tek seg opp!

25 millionar kroner er relativt mykje pengar. Lokalpolitikarar (dvs politikarar flest) er ikkje gode på sparing eller investeringar (det er difor me har eit privat næringsliv.) Men idag vedtok dei at dei skulle betale tilbake pengane med ca 400 000 i året, slik at kraftsalsfondet fekk pengane igjen! Hurra!

Det tek då “berre” 62,5 år før det er nedbetalt, om me ser vekk frå renters rente. Om me tar med oss renters rente tek det ca 28/29 år med 5% rente. Det er mindre imponerande synes eg. Då har me altså 25 millionar tilbake på kraftsalsfondet etter 28/29 år (og ei kjempeflott tomt i Seglneset til å lagre båtar på – supert!

- Annonse -

Så, til alternativet – tankeeksperiment 1:

Kommunen tek desse 25 millionane og investerer dei i diverse globale indeksfond med ein sparehorisont på 29 år. I tillegg betaler dei inn den «bagatellmessige støtta» kvart år (månadsvis 50 000 kroner(!)). Då kan me etablere alternativet. Kor mykje trur du dette blir på 29 år med 5% rente/avkastning?

145 millionar kroner.

Trur nokon at ein får ut verdiar frå Seglneset som overstig 120 millionar kroner ila dei 29 åra? Det gjer ikkje eg.

Tankeeksperiment 2 er akkurat likt tankeeksperiment 1, men der legg me inn ei snittavkastning på 10% (som faktisk er det aksjemarkedet gir i snitt over lengre periodar). Så trekk me av 0.5% forvaltningskost. Då sit kommunen igjen med 9.5%. Kor mykje er det då etter 29 år?

481 millionar kroner. Det er pengar det og, og eg har mine tvil om at Seglneset kan produsere verdiar for 456 millionar over 29 år. (NB: I begge alternativa er risikoen mykje, mykje, mykje lavare enn å investere slik kommunen planlegg, tru det eller ei.

Poenget her er ikkje at alle tal i dette skal være nøyaktig, eller at alt stemmer med saksframlegget (mykje kan vera feil, poenget består). Avkastninga i det globale aksjemarkedet vil svinge. Sanninga ligg truleg ein stad mellom dei to beløpa (men den ligg høgst sannsynleg der!

Poenget er, at når Stord Kommune/formannskapet/kommunestyret skal investere felleskapet sine sparepengar så må dei gjere nokre betraktningar lik dei eg nett har gjort.

Dei må etablere investeringsalternativ for pengane. Dei må være sikre på at det dei gjer er lurt. Og det, det er det mi meining at dei ikkje har gjort i dette høvet. Det er svært kritikkverdig at rådmannen ikkje har gjort dette, og det reknar eg med heile kommunestyrekollegiet også ser.

(Eg har gjort desse betraktningane sjølv, då eg er interessert i økonomi og pensjon, men eg er ikkje arrogant nok til å tru at eg greier å slå markedet over tid, slik høgt gasjerte aksjemeklarar ikkje kan. Difor vil eg at kommunen set pengane i indeksfond. Nok om det).

PS: Alle feil er min eigne, sjølv meiner eg dei ikkje betyr noko – slik dei fleste ingeniørar har ein tendens til. So langt, takk for meiningsbryting og nokre svar. Me er nok ikkje ferdige, men eg vil likevel ynskje ordførar, formannsskapet, kommunestyrerepresentantar, administrasjon og tilsette i kommunen god helg!

- Annonse -