- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Framsyninga har fått namnet Gjøkeredet og er basert på romanen til Ken Kesey frå 1962. Bømlo Teater har riktignok gjort ein litt anna vri på historia.

– Vår framstilling av historia er ikkje ein kritikk av psykiatrien og institusjonen, seier regissør Runa Våge Krukhaug i ei pressemelding.

– Me fortel historia gjennom dei mellommenneskelege relasjonane, stiller spørsmål om kven som eig sanninga, og ser på kva som skjer når nokon kjem inn og rokkar ved det trygge.

Maktkamp mellom pasient og personale

Den grav alvorlege og samtidig humoristiske handlinga går føre seg på ei avdeling for psykisk sjuke.

Pasient R. P. Murphy, spelt av skodespelar Per Arne Moldøen, gjer opprør mot systemet. Dette slår ikkje godt an blant leiinga på sjukehuset.

Framsyninga illustrerer maktkampen som kan oppstå mellom pasient og personale, og ifølgje arrangøren vil skodespelarane kunne by på mykje humor og sterke historiar.

- Annonse -
- Annonse -

– Bømlo Teater vil fortelje historia om folk, når me har det som verst, om skam og botnlause nederlag, om samhald og kameratskap. Å vere vekke så alt for lenge – og kanskje finne trua på å ein gang kome tilbake.

- Annonse -

Ny stormusikal i vente

Bømlo Teater har tidlegare  framført Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess, Miss Saigon og West Side Story i Moster Amfi, sistnemde i 2014.

Til hausten går dei dessutan i gang med stormusikalen Evita, som for første gang skal framførast utandørs.

Billettar til førstkommande framsyning kan kjøpast på bomlokulturhus.no.

Gjøkeredet vil gå føre seg i Bømlo kulturhus på fredag, laurdag og søndag kveld.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -