Slik blir biogassanlegget ved kiskaien i Grunnavågen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Heile 149 personar har sendt brev til Stord kommune med krav om å bli nabovarsla. Bortkasta energi, i følgje kommunen.

Etter at Sunnhordland Naturgass fekk laga ein ROS-analyse for det planlagde biogassanlegget i Sagvåg, har nabovarsel blitt sendt ut til mange av bubuarane i nærleiken.

Plan- og bygningslova krev berre at naboar som grenser direkte opp mot eit tiltak skal bli varsla, men kommunen har heimen til å vise skjønn og utvida lista. Det har dei også gjort i denne saka, med utgangspunkt i ei skisse som viser faren for luktutslepp dersom noko skulle gå gale.

Opphavleg ville kommunen at alle som bur i den grøne sona skulle bli varsla, men etter dialog med Sunnhordland Naturgass vart dette redusert til å berre gjelde dei som bur i den gule sona, i tillegg til organisasjonane Sagvåg forum, Sagvåg bygdalag, Innbyggjarinitiativet i Sagvåg og Norges Miljøvernforbund.

Det har ført til ein skikkeleg klagestorm mot kommunen. Heile 149 brev er komne inn frå bebuarar og andre som krev nabovarsling.

Dette kartet syner kor lukt kan spreie seg frå biogassanlegget dersom begge luktfiltra ikkje skulle virke, noko ROS-analyser ser på som usannsynleg. Gult felt betyr moderat til liten lukt.

– Me var litt for kjappe

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad. Foto: Stord kommune

– Me må berre ta på oss at me var litt for kjappe med å ta ei avgjersle. Då blei me bedt av tiltakshavar å ta ei revurdering. Det er heilt vanleg at me gjer, og i denne saka meinte me det var grunnlag for å vurdere saka på nytt, seier kommunalsjef Lovise Vestbøstad.

- Annonse -
- Annonse -

Ho meiner dette er bakgrunnen for klagestormen, der det er skapt eit inntrykk av at kommunen har gitt etter for press frå Sunnhordland Naturgass.

– Her blei det ein reaksjon der veldig mange ber om å bli nabovarsla. Me vil sende ut svar til alle der det blir gitt ei grunngjeving for kvifor nokon er blitt varsla og ikkje fleire.

– Kan ikkje inkludere kvarmannsen

Vestbøstad understreker at nabovarsel er ikkje noko ein kan klage seg til, med mindre ein bur på ein eigedom som grensar mot tiltaket.

- Annonse -

– I utgangspunktet skal ein nabovarsel gå til dei som direkte grenser til tiltaket. Så seier lova at kommunen kan utvide denne nabovarslinga. Då er det nokre krav til at ein må vere direkte berørt. Me har ikkje høve til å inkludere kvarmannsen i varslinga. Det skal vere ei grunngjeving bak.

Kommunalsjefen viser til at det seinare kan kome ei ny runde med nabovarsling, der andre kriteriar kan leggje til grunn.

– Me har jo framleis ikkje fått inn byggesaka, og det er jo heilt standard at mange tiltakshavarar må ut med ei ny runde dersom søknaden krev meir dokumentasjon eller ting som ikkje har blitt varsla om. Det opplever ein støtt og stadig, seier Vestbøstad.

Lang prosess

Kommunen opplyser vidare at denne nabovarslinga er berre eit lite skritt på vegne mot endeleg godkjenning av biogassanlegget.

Etter at alle nabomerknadene er vurderte av søkjar, vil SNG senda søknad om rammeløyve og dispensasjon til kommunen for handsaming.

Søknaden vert sendt på høyring til Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Direktorat for samfunnsikkerhet og beredskap og Mattilsynet. I tillegg skal lokale fagkontor som det kommunale miljøkontoret og brannvesenet ha saka til uttale.

RBO-avdelinga i kommunen skal deretter handsama saka, og rådmannen skal laga ei tilråding til Forvaltningsstyret, som igjen skal gi si tilråding til kommunestyret, som så kan gi SNG rammeløyve til biogassanlegget. Det er likevel eit vilkår at det også vert gitt utsleppsløyve frå Fylkesmannen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -