Gamle Stuva skule frå 1886 har fått nytt liv i Luster. Foto: privat
- Annonse -

Gamle Stuva skule på Stord, som blei plukka frå kvarandre i 2013, har no fått nytt liv i Luster i Sogn og Fjordane.

For fem år sidan fekk bonde Lars Stuve løyve til å rive den gamle skulen som blei ført opp i 1886. Restaureringssnekker Johannes Særsten hadde kjøpt skulen og plukka den ned, med mål om å setje den opp i eigen hage. Men slik gjekk det ikkje.

– Det var ein nabo som ikkje var heilt einig, så då la eg prosjektet på is og la den ut for sal. Det var ikkje stor respons, men etter at Bergens Tidende skreiv om det var det fleire som tok kontakt, seier Særsten.

Slik var skulen på Stuva plassert før den vart plukka ned for fem år sidan. Foto: privat

Stille alvor

Til slutt kom han til semje med Siri Almetun, som driv den vesle turistgarden Almetun i Luster. Og no står skulen nymalt og ferdig restaurert, på toppen av ein lang trapp, med utsyn mot idylliske Sognefjorden.

– No står det berre att ein del indre malararbeid. Men hovudrommet er blitt fantastisk flott, og alle som kjem innom og opnar døra blir veldig imponert. Eg håpar bygget vil bli fylt med liv frå dei som måtte ønske å bruke den, seier Almetun.

Skulen ruvar godt i terrenget i vakre Luster. Foto: privat

Ho driv selskapet «Stille Alvor», basert på ideane til den tyske filosofen Ludwig Wittgenstein, som budde store deler av livet i Luster.

- Annonse -

– Eg ønskjer å bruke huset i tråd med ideane til Wittgenstein, opp ønskjer at folk skal bruke rommet til musikk, poesi og livsuttrykk. Det kan til dømes bli leigd ut til kunstnarar og forfattarar.

– Veldig nøgd med arbeidet

Restaureringssnekker Særsten er imponert over kor flott skulen er blitt.

– Eg er veldig godt nøgd med arbeidet som har blitt gjort. Dei har forandra litt på vindauga, men stort sett er den slik den sto her på Stord. Den passar veldig godt inn høgt oppe i terrenget her.

Etter innspel frå Johannes Særsten ønskjer Siri Almetun å invitere tidlegare elevar som har gått på skulen til å kome på tur til Sogn for å sjå skulebygget i ny drakt.

– Det kunne vore veldig fint å få sett opp ein busstur frå Stord med eldre menneske som gjerne har gått på skulen. Det er kanskje interessant for dei å sjå korleis det gjekk med den flotte skulen, seier Almetun.

Høgt under taket: Loftsgolvet er blitt fjerna, slik at det er godt og luftig i skulestova. Foto: privat

- Annonse -