Kim Amlien har gode barndomsminner frå stranda i Båtsvikjo. Derfor var det naturleg for han å skulle legge sin aller første cache i dette området. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

No ønskjer Kim Amlien (31) å få med seg fleire på den moderne orienteringsleken.

– «Geocaching» er eit spel i naturen, der alle som er med kan legge ut boksar med ein logg i, gjerne i eit område dei vil vise fram. Så kan andre som vil, gå på jakt etter boksen, forklarar 31-åringen i det me møter han i Båtsvikjo på Litlabø.

Sidan 2000 har fritidsaktiviteten blitt stadig meir populær i Noreg. Likevel er det framleis mange som ikkje har høyrt om eller prøvd ut geocaching, og få er aktive deltakarar på Stord.

GPS som verkemiddel

– Det er ikkje alltid like enkelt å arrangere samlingar med så få deltakarar. Eg veit om ca. 10 stk. som er aktive på Stord. På Haugalandet er det jo hundrevis av folk som held på med dette, og i Haugesund har dei til dømes samlingar på Egon annakvar månad.

Aktiviteten «geocaching» kan på mange måtar samanliknast med orientering ved hjelp av ein GPS, i staden for meir tradisjonelle metodar som kart og kompass.

Gjennom ein app på telefonen kan folk logge inn stadar dei har vore, og bruke appen til å finne fram til nye stadar.

Til utlandet for å geocache

- Annonse -

– Det beste med dette er at ein får oppleve stadar ein ikkje har sett før. Poenget er at det finst slike postar overalt. Det kan til dømes ligge ein boks bak ein stein eller i eit tre, forklarar Kim Amlien.

Han starta med geocaching som hobby i 2015. I dag reiser han jamleg på samlingar, og har blant anna vore i Danmark, Skottland og Tyskland for å leite etter dei såkalla boksane (også kalla «cachar»).

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

Ein form for sport

Nyleg køyrde Amlien frå Stord til Jevnaker i Oppland på jakt etter enno fleire cachar. Til slutt enda det med at han passerte fem fylker og elleve kommunar – på éin dag.

– Det blir liksom ein form for sport. Somme deltakarar har klart å legge inn cachar i alle nitten fylker. Mitt hovudmål er å logge inn flest kommunar i dette landet, opplyser han.

Amlien har sjølv arrangert to samlingar dei siste åra i gruene på Litlabø med stor suksess. Første året var 34 deltakarar til stades på arrangementet, medan det i år kom over 50 deltakarar frå både Haugalandet, Stavanger og Bergen.

Har tru på ei auke

– Det er sjølvsagt litt å sette seg inn i, men eg meiner dette er ein aktivitet som kan passe for alle, uavhengig av nivå. Eg begynte med telefon og penn. Så vart berre utstyrsbanken større og større.

Kva tenkjer du på då?

– Nei, folk som er veldig engasjerte i hobbyen kan plutseleg finne på å kjøpe inn stegar og klatreutstyr. Men det er ikkje naudsynt for å delta, seier Amlien.

Han har stor tru på at geocaching vil bli meir populært dei neste åra, og vonar fleire vil teste ut aktiviteten på fritida. Han legg heller ikkje skjul på at det kan kome nye samlingar på Stord i næraste framtid.

– Eg har ikkje planar om ei samling akkurat no, men det kan dukke opp noko snart.

- Annonse -