Kari Veiteberg frå Stord. Foto: Søreide kirke
- Annonse -

Bymisjonsprest Kari Veiteberg frå Stord blei valt til ny biskop i Oslo med 15 mot 11 røyster.

Veiteberg, som vaks opp på Rommetveit på Stord skal starte i den nye jobben i desember, skriv Vårt Land.

Trass i at 56-åringen lenge har vore favoritt til jobben, så fortel ho til avisa at ho vart både skjelven og glad då ho fekk meldinga.

Stord24 prata med Veiteberg for nokre veker sidan, då ho fortalte om kvifor ho ønskte seg den gjeve jobben.

– Godt kvalifisert

– Dette er noko eg har blitt spurt om når det er biskopnominasjonar, og eg har tidlegare sagt ja i Bergen og i Bodø. Og så seier eg ja no. Det er fordi eg har vore med å utdanne prestar, og har teologisk doktorgrad og er sånn sett godt kvalifisert.

- Annonse -

Ho sa også i intervjet at det vil vere viktig for ho som biskop å engasjere seg i aktuelle samfunnsdebattar om store tema.

– Det er umogleg å vere kristen og ikkje politisk. Dei siste åra har til dømes spørsmål om klima noko som i høgste grad har med kristendommen å gjere, sidan det handlar om skaparverket. Og korleis me behandlingar flyktningar handlar om nestekjærleik. Sånn sett er det biskopen sitt ansvar å seie frå når folk og skaparverket vert tråkka på, sa Veiteberg.

Bymisjonsprest

Veiteberg er i dag bymisjonsprest i Kirkens Bymisjon i Oslo, og har tidlegare vore prest i Bergen. Ho har gitt ut fleire bøker og artiklar om teologiske spørsmål, og har også mellomfag i teatervitskap.

I tillegg til Veiteberg sto valet mellom Anne-May Grasaas (61), Kåre Rune Hauge (58), Marit Halvorsen Hougsnæs (57) og Sturla Stålsett (53). Sistnemnde er Veiteberg sin svoger.

- Annonse -