Slik ser det ut på grunnen til Bjørn Furre i Vatnadalen. Foto: privat
- Annonse -

Grunneigar Bjørn Furre åtvarar turgåarar langs Vatnaelva om eit større ras under utvikling.

Dei store nedbørsmengdene dei siste månadane har ført til at jorda har begynt å rase på Øvre Økland på Stord.

– Eg kvir meg til dagen i dag, då det er meld så mykje nedbør. Eg er redd dette kan bli mykje verre, seier Furre.

Åtvarar turgåarar

Furre er grunneigar i området, og fortel at det begynte å rase førre helg.

– Det begynte førre helg, då alt vatnet drog skogen ut mot elva.

- Annonse -

Området det er snakk om ligg 700-800 meter opp i Vatnadalen frå steinbrua som kryssar elva.

Han åvarar no alle turgåarar om å ikkje gå nærme kanten.

– Folk som går tur i område må vere forsiktige og ikkje gå for nær raskanten. Ein må spesielt ha full kontroll på barn i området.

– Kan bli trasig

Furre fryktar at heile vegen opp Vatnadalen kan bli øydelagt ved eit større ras.

– No kjem det til å rase meir snart, og eg trur det kjem til å bli trasig. Det er heilt ubegrensa kor mykje som då vil rase. Dette er jo snakk om sand. Vegen i Vatnadalen er i fare, så eg har kontakta vegavdelinga i kommunen.

Stord kommune opplyser at dei har sendt folk opp til området for å sjå på saka.

- Annonse -