Sunnfast vil bestå av tre bruprosjekt. Ei lang flytebru og to mindre bruer mellom Huglo, Skorpo og Tysnes, før ein koplar seg inn på Hordfast og bru over Langenuen.
- Annonse -

Initiativtakarane bak det planlagde sambandet mellom Kvinnherad, Huglo og Tysnes, no kjend som Sunnfast, trør på gasspedalen.

Det er eit breitt lag med folk frå næringslivet og politikken som no jobbar for sambandet Sunnfast, som ved hjelp av ei lang flytebru og to mindre bruer skal knyte Kvinnherad og Huglo saman med ny E39 over Langenuen.

Dei har no fått hjelp frå talknusarar frå Vegvesenet og brukonstruktørar til å lage ein konkret plan for storprosjektet.

Før helga vart det sendt ei avis i posten til alle husstandane i Kvinnherad, Tysnes, Stord, Fitjar, Bømlo, Austevoll og Sveio. Her bidreg sentrale politikarar og representantar frå næringslivet med innlegg om kvifor Sunnfast er viktig å realisere.

Kjell Fylkesnes brenn for bruløysinga. Foto: Aktiv Sunnhordland

– Me vil at folk flest skal forstå moglegheitene framover med kombinasjon av E39, Hordfast og Sunnfast, fortel Kjell Fylkesnes.

Svært høg samfunnsnytte

Avisa opnar med store ord:

- Annonse -
- Annonse -

«For første gong i manns minne ser det ut til at kommunane i Sunnhordland kan verte samde om eit vegprosjekt!»

Basert på Statens Vegvesen sine einingsprisar vil heile prosjektet koste 5,3 milliardar kroner. Samtidig har dei kalkulert at trafikknytten på prosjektet er heile 9,6 milliardar.

Initiativtakarane ser for seg 3,3 milliardar kroner av dette skal finansiert gjennom bompengar.

Men den gode nyhenda for initiativtakarane er at regelverket for ferjeavløysingsmidlar frå staten er endra. Tidlegare er det 20 år som har vore utbetalingstida for slike midlar, men no er dette utvida til 40 år.

– Det betyr at me kan få 2 milliardar kroner i ferjeavløysingsmidlar i staden for 1 milliard, seier Kjell Fylkesnes under ei pressekonferanse saman med ordførarane i førre veke.

– Kor mykje vil bilistane måtta ut med i bompengar?

– Til lengre nedbetaling ein får jo billigare vert det. Med 20 års nedbetalingstid vil det koste 180 kroner. Då ligg du på ferjebillettnivå.

Prosjektet vil som kjend revolusjonere reisetida mellom ytre og indre Sunnhordland. Frå dagens 86 minuttar vil prosjektet redusere reisetida mellom Leirvik og Husnes til berre 22 minuttar.

- Annonse -

Midtre kryssing gir 12 minutt lenger reisetid

Det vert no jobba på høggir for å få departementet til å velje sørleg kryssing av Nuen, og ikkje midtre kryssing. Det vil ikkje bety vinn eller forsvinn for Sunnfast, men vil gjere reisetida mellom Leirvik og Husnes bli kraftig forlenga.

– Det er svært viktig for oss med sørleg kryssing. Då vil ein måtta køyre til Raunholm på Fitjar. Det gir oss 20 kilometer ekstra køyring. Det vil bli 12 minuttar ekstra. Det er som å rygge inn i framtida, seier Fylkesnes.

– Tidsfaktoren er at traseen for kryssinga av Langenuen blir vedteke i løpet halvanna månad. Difor har me voldsamt tidspress på oss.

Samstemte ordførarar

Samarbeidsklimaet mellom ordførarane på Stord og Kvinnherad har vore så som så den siste tida. Men under pressekonferansen i førre veke var ordførarane, pluss Tysnes-ordføraren, svært samstemte då dei tala om Sunnfast.

– Forholdet mellom meg og Peder begynner å bli betre. Me er på talefot igjen, spøkte Gaute Epland.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H), Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H) og Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) var samstemte under pressekonferansen. Foto: iDrift

Sjølv med fullt fokus på Sunnfast, samt at Stord-politikarane har lagt vekt ferjesaka grunna manglande finansiering, så vil Kvinnherad-ordføraren enno ikkje sleppe taket.

– Eg oppfattar at me alle tre har vore veldig samde om å gjere ei grundig utgreiing. Dette er noko me alle ønskjer oss. Målet er at utgreiinga er at det vil gi oss svar på om me kan gå vidare. Men me har sagt at for å ikkje hamne i situasjonen utan ei betre løysing må me jobbe parallelt med å finne ei betre ferjeløysing, seier Slettebø (H).

– Det som gjer at kommunestyret på Stord ikkje ønskjer å gå vidare med saka at det ikkje er finansiering. Slik svaret er frå departementet, så ligg det difor på vent, seier Epland.

– Vil midtre kryssing torpedere prosjektet?

– Det vil gjere prosjektet dårlegare, og ein må bygge meir veg for å få til den usvingen. Men likevel vil det vere eit godt prosjekt for Sunnhordland, seier Epland.

Snart kjem den første saka om Sunnfast til politikarane i dei tre kommunane. Administrasjonen i Kvinnherad har lagt eit saksframlegg. Innstillinga er at ein skal bruke samla 1 million kroner på utgreiinga. Kvinnherad skal ta halvparten, og Stord og Tysnes må betale 250.000 kroner kvar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -