- Annonse -

Jenta som er elev ved Rimareid barne- og ungdomsskule vart påkøyrd under ein skuletur til Krakow. 

Det var tysdag kveld at ulukka skjedde, då jenta vart påkøyrd av ein bil då ho skulle krysse eit gangfelt, skriv Sunnhordland.

– Jenta er alvorleg skadd og sendt til barnesjukehuset i Krakow, som er eit av dei beste sjukehusa i landet. Politiet undersøkjer kva som har skjedd og samlar bevis, seier honorærkonsul Marian Mikolajski i Krakow til avisa.

Skuletur

Skuleklassen frå 10. trinnet drog på skuleturen til Krakow som ein del Aktive Fredsreiser, som arrangerer turer til Auschwitz.

Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll seier ho er prega av ulukka.

- Annonse -

– Eg synest jo det er heilt frykteleg leit at det skjer. Eg tenkjer mykje på dei og håpar det går så bra som det kan. Ho er jo alvorleg skadd, men det ser jo ut som det heldigvis går bra. Så får me ta tida til hjelp. Eg kjenner nokon som er på turen, og i dag, før det vart kjent, sendte eg ein meldning til foreldra. Eg kjenner jo dei det gjeld.

Skal samlast

Tislevoll seier leiinga i kommunen skal samlast i morgon for å sjå kva dei kan gjere for jenta og for skuleklassane i Polen.

– Skulesjefen har sagt at det skal vere eit møte i morgon. Det vil jo dette bli drøfta i kommunen. Kva me gjer vidare utifrå det veit eg ikkje. Men me skal iallfall hjelpe dei med det me kan hjelpe dei med.

 

- Annonse -