Skisse over miljøgata gjennom Leirvik sentrum. Dette er eitt av tiltaka som er føreslått prioritert i Stordpakken.
- Annonse -

Venstre-politikar Geir Angeltveit er redd for at politikarane røyster nei bompengepakken utan å ha gjort seg kjend med alle sidene i saken.

Førre veke røysta formannskapet nei til å vedta Stordpakken, som er den planlagde bompengeringen som skal finansiere ei rekkje lokale veg- og sykkelvegprosjekt.

Men det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjersla i møte 24. juni. Sjølv om det vart eit klart fleirtal mot pakken i formannskapet, gjorde både Høgre og Arbeidarpartiet det klart at dei ikkje var avvisande til å vedta ei bompengepakke i eit anna omfang.

Ein av dei sterke forkjemparane for Stordpakken og prioritering av gang- og sykkelvegar på Stord, Geir Angeltveit (V), vil no gjere det han kan for å sikre eit fleirtal for pakken i kommunestyret. Difor har han saman med Stord kommune teke initativ til eit dialogmøte om pakken måndag 18. juni.

Geir Angeltveit i Venstre. Foto: Stord kommune

– Viktig å få nyansert debatten

– Eg meinte det var viktig å få nyansert debatten. Det er fleire viktige synspunkt som ikkje alltid kjem like godt fram i ein politisk debatt. Folkehelsa er eit av dei, og dei positive effektane av sykkel er ein annan. Å erstatte noko biltraffikk med sykkel kan også gi mange positive effektar på arealbehov, kødanning, handel og så vidare.

Til møtet kjem sykkelsjefen i Bergen kommune, Einar Johan Grieg, som brenner for sykkelbruk og ønskjer spesielt å få fleire barn og unge over på sykkel.

- Annonse -

Det vil vere innlegg frå Lars Tore Martinsen i Statens Vegvesen, som er ein av dei sentrale som har jobba fram Stordpakken og planane om Miljøgate gjennom Leirvik sentrum.

Frå kommunen skal folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein, kommuneplanleggar Andreas Moe Larsen og Stord/Fitjar landbrukskontor halde innlegg.

Inviterer ungdommen

Ikkje minst er Ungdomsrådet invitert. Dei er blitt utfordra på å seie nokre ord på vegner av barn og unge sin sykkelkvardag og om skulevegane. For Geir Angeltveit er det svært viktig at deira stemme kjem fram i debatten.

– Det er mange born og unge som syklar, det er det berre å sjå på utanfor skulane våre. Sjølv om desse ikkje har røysterett så er det dei som skal arva kommunen og veks opp her. Dei har lika stor rett til å bli høyrd og tatt omsyn til.

Han meiner politikarane har eit ansvar på å prioritere behova til dei unge, og minner om at deira synspunkt sjeldan kjem fram i oppheta Facebook-debattar.

– Det er ikkje born i barne- og ungdomsskulen som ytrar seg på Facebook og i underskriftskampanjar, det er desse me skal skapa gode nye vaner for og trygge skulevegar til. Eg meinar deira behov skal verta tillagt ekstra styrke, seier Angeltveit.

Møtet vil føregå i kommunestyresalen måndag 18. juni klokka 17.

- Annonse -