Hege Økland (t.v.) hadde mykje på hjarta overfor Terje Søviknes. Foto Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Terje Søviknes (Frp) fekk klar beskjed frå både den tradisjonstunge petroleumformindustrien og frå framtidsretta grøne næringar under besøket på Stord måndag.

Det er berre nokre dagar sidan sist han var her – på fredag sto olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) på scena i Hall 3 på Kværner Stord for å feire tildelinga av Njord-kontrakten som sørgjer for 3.000 årsverk på Stord.

Måndag var han tilbake på Stord til eit planlagt besøk til ei rekkje industriverksemder og -prosjekt på Stord, mellom anna Statoil sitt Hywind-prosjekt på Eldøyane.

Ein stor forsamling av næringslivsleiarar var samla til lunsj i NCE-klynga Maritime Clean Tech på Heiane.

Kværner Stord-direktør Steinar Røgenes, Foto: Jonas Sætre/Stord24

Åtvarar mot endring av permitteringsreglane

For sjølv om mykje peiker oppover på Stord no, så er det framleis verksemder som slit, og som hadde mykje dei gjerne ville formidle til olje- og energiministeren. Apply Leirvik er ein av verksemdene som no kjem til å kutte i staben.

- Annonse -

– Me er ei prosjektbedrift, og har ei utfordring i å halde folk i arbeid. Spesielt dei unge tilsette er nervøse for dette, og er bekymra for framtida. Difor må de ikkje endre på permitteringsreglane, sa Arne Ottesen i Apply Leirvik.

Bodskapen gav gjengklang hos Kværner-direktør Steinar Røgenes, som no ser slutten på sine permitteringar.

– Ikkje tull med permitteringsregelverket!

– Eg skjønar argumentet i ein stor arbeidsmarknad som Oslo, men me har ikkje det same biletet her. Me mister mykje kompetanse om folk sluttar, og det er vesentleg for oss her i regionen å halde på denne kompetansen.

Regjeringa innførte nye permitteringsreglar i fjor sommar, med utvida permitteringstid, etter ønskje frå bransjen og frå fagforeiningane. Denne ordninga ønskjer dei to sjefane å behalde.

Havbruksstrategien

Dagleg leiar Hege Økland var oppteken av å vise fram korleis arbeidet som vert gjort i næringsklynga er i tråd med regjeringa si havbruksstrategi.

I den står det mellom anna at Norge ved hjelp av satsing på grøn teknologi skal bli verdas framste havbruksnasjon.

– Denne regionen er veldig godt rusta til å hjelpe regjeringa med å nå dette målet, sa Økland.

Og øvst på ønskelista frå regjeringa var nok draghjelp for å få i gang eit nasjonalt test- og innovasjonssenter på Stord, som skal byggje på dei eksisterande testsentra i regionen.

– Det er eit senter som skal famne om fleire private industrielle testsentra, mellom anna Unitech på Rubbestadneset, og testsenteret til The Switch som er overteken frå Wartsila, i tillegg til ved UiB og høgskulane. Me forsøker å få dette koordinert betre gjennom å få det organisert gjennom eit overordna selskap.

Vil posisjonere seg til Fornybar AS

For NCE-klynga var det også viktig å vere tidleg på ballen for å posisjonere seg i høve til det nye fornybarfondet.

– Det skal investerast i selskap som ikkje er børsnoterte, og det er ein del selskap her som kan få fart inn i marknaden dersom ein hadde hatt eit slikt fond på eigarsida. Me vonar difor fondet vil sjå opp her, sa Økland, som nok ikkje la skjul på at ho undra seg over at fondet vart lagt til Stavanger og ikkje Bergen.

Dagleg leiar i NCE, Hege Økland, foto: Jonas Sæøtre

Søviknes på si side uttrykte at han var ganske lei av heile lokaliseringsdebatten.

– Lokaliseringsdebatten vart veldig haussa opp, og blei overdimensjonert i forhold til at det skal vere eit fond for heile landet, uansett kvar det ligg, sa Søviknes.

Men utan å love noko konkret, så meiner han at fornybar-miljøet på Stord bør følgje med på satsinga.

– Miljøet her på Stord er midt i kjernen av formålet med eit slikt fond. Gjerne ikkje dei store selskapa, men det vil vere ein kjempehjelp mot gründarar som står på trappene til å slå gjennom med produkta sine.

Når det gjeld fornybarfondet var det viktig for Søviknes og få fram at det ikkje vil vere noko støtteordning, men at ein berre vil investere i prosjekt som gir lønsemd.

– Me kan ikkje ha ei raud botnlinje, me må snarast mogleg få butikk ut av prosjekta det vert investert i. Ellers så går det ikkje.

 

 

- Annonse -