Selevik skule.
- Annonse -

DEBATT: Set mismot, kjensle av resignasjon og skuffelse til side litt til og kjemp med dei midla som står att!

Av: Rune Helland, innbyggjar i Dåfjorden

Bygda mot straumen, bygda som ikkje ville døy, slik har skildringar vore framsett av engasjerte innbyggjarar tidlegare. Korrekt og presis har formuleringa vore, inntil no. Vedtaket som vart treft i utval for oppvekst og omsorg i Fitjar Kommune i går er eit alvorleg varselskot til grenda, skipet er på veg ned og orkesteret har starta på siste nummer. Eit klårt signal om at denne gongen verkar det ikkje som gode, saklege argument og nøye grunngjevne utrekningar har nådd inn i alle kretsar. Som tilhøyrar til nemnte møte pplevde eg det som om lufta gjekk ut or ballongen med dette vedtaket, møtet med sambygdingar etterpå har vore spesielt, ein kjenner langt inn i margen at no er glød, engasjement og stå- på vilje på veg i kjellaren.

Det starta i vår med eit gryande engasjement som vart vekka til liv (nok ein gong) i takt med framdrifta av arbeidet med ny skulebruksplan. Etter sumaren har det vore jobba målretta fram mot høyringsfrist, får me fram gode nok argument og får synt nok ein gong kvifor det svarar seg å ha skule i krinsen så kan dette gå rett veg, var haldninga. Markeringa for støtte til skulen samla 2/3 deler av alle som bur i bygda. Mismotet var stort når ein fekk att vurderingane frå administrasjonen der tilnærma ingen argument var rekna for å ha nokon betydning for vidare framdrift, her sparast pengar. Alle i krinsen skjønar at det er alvorlege utfordringar i kommuneøkonomien framover, det me ikkje skjønar er kvifor ein då skal kappa av seg litt av foten? Ein kjend skikkelse ytra: «tilgje dei, dei veit ikkje kva dei gjer» men i denne saka tykkjer eg me har gitt nok informasjon til at dei som skal gjere dette vedtaket bør vita nok. Innsparing gjennom å leggje ned Selevik skule er i beste fall kortvarig, å satse på tilflytting i heile kommunen og nytta dei inntektsmoglegheitene som finnes vil vere betre medisin.

For første gong sidan mi kona og eg flytta attende til Fitjar og Dåfjorden i 2009 opplevde me ei kjensle av mismot som me ikkje har kjent på før, kva gjer me no? spør min betre halvdel over kveldsmaten. Nei sei det, det er nokre val som står att. Har me meir att å kjempe med i bygda? Det er tid att til endeleg vedtak i kommunestyret 17 oktober, me kan forsøka litt til, eller me kan gje opp og søkja andre alternativ. Mi von er at det er litt kraft igjen blant alle som så langt har gjort ein stor innsats for grenda.

Set mismot, kjensle av resignasjon og skuffelse til side litt til og kjemp med dei midla som står att! Påverk der ein kan, still opp på møta som står att. Når endeleg vedtak er gjort 17 oktober kan me oppsummera, ikkje før!

- Annonse -