Forskar på biogass ved Norsk institutt for bioøkonomi, avviser at det vil vere konstant lukt frå eit lukka biogassanlegg, som det som Sunnhordland Naturgass vil bygge i Grunnavågen. Foto: NIBIO/Gule sider
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Forskar på biogass ved Norsk institutt for bioøkonomi, Roald Aasen, avviser faren for konstant lukt frå eit lukka biogassanlegg, slik som Sunnhordland Naturgass vil bygge i Grunnavågen. 

Det er ingen tvil om at mostanden i Sagvåg mot det planlagde biogassanlegget i Grunnavågen er stor.

Eitt av argumenta som går igjen er frykta for luktutslepp frå biogassanlegget, og at dette vil skape sjenanse i bustadfelta i nærleiken.

– Blir ingen konstant lukt

Stord24 tok difor ein prat med ein av landets framste ekspertar på biogassproduksjon, forskar Roald Aasen ved Norsk institutt for bioøkonomi på Ås. Han er godt kjend med teknologien til selskapet Antec, som skal brukast på anlegget til Sunnhordland Naturgass AS.

– Når det er snakk om eit lukka biogassanlegg så vil det ikkje vere noko lukt frå sjølve prosessen. At det blir noko konstant lukt frå eit slikt anlegg, har eg ikkje noko tru på. I verste fall vil det bli små, sporadiske luktutslepp.

Men der det kan kome sporadiske luktutslepp er ved fylling av tankane.

- Annonse -

– Dersom du mellomlagrar avfall på ein tank som er tom, så vil du fortrenge lufta som er i tanken frå før, og då kan du få eit punktutslepp som pågår medan du fyller den opp, seier Aasen.

Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass

Sporadisk fylling kan gi lukt

Kor ofte og kor langvarig ein slik fylleprosess vil vere, er varierande, men Aasen reknar med at det er snakk om ein gong i veka eller sjeldnare, og at ein fylleprosess kan vere over i løpet av eit kvarter eller ein halvtime.

Aasen seier det også kan vere mindre luktutslepp når restavfallet til biogassanlegget skal fraktast ut.

– Når ein skal fjerne avfallet så kan få det me kallar for biorestsuppe. Ved fiskeavfall vil dette bestå av fiskegass minus metangassen. Men det er ofte mindre problem med luktutslepp når ein pumpar dette over på tankbilar enn motsett veg. Dette må dei uansett skildre nøye i reguleringsplanen.

Basert på det Aasen kjenner til om det planlagde anlegget trur han lokalbefolkinga kjem til å merke lite til luktutslepp i det daglege.

– Eg trur nok det berre blir små punktutslepp. Når dette er planlagt 200 meter frå næraste bustadhus er det nok veldig avgrensa kor mykje ein vil kjenne av lukta frå dette anlegget.

Bør gå i dialog

Aasen har forståing for at lokabefolkinga er uroa over etablering av eit biogassanlegg når teknologien er såpass ny og ukjend, og meiner det ligg eit ansvar på Sunnhordland Naturgass for å oppnå ein god dialog med naboane.

– Det er viktig at dei som søkjer har fokus på dette med lukt. Ved andre liknande anlegg vert det laga ei frivillig varselsordning, slik at naboar kan ringe inn eller sende tekstmeldingar for å få kartlagt kor mykje lukt dei merkar. Slik kan ein samarbeide med naboane i staden for å seie at alt berre er i orden. Dei bør ha fokus på å spele på lag med innbyggjarane.

- Annonse -