Denne store hallen på Eldøyane ligg klar til bruk, og skal offisielt opnast 21. juni. Foto: REN Sjøkabelberedskap
- Annonse -

Det er snart klart for opninga av eit heilt nytt beredskapslager for sjøkablar på Eldøyane til ein verdi av 230 millionar kroner.

Over 30 straumselskap har gått saman om bygginga av nye beredskapslageret for sjøkablar på Stord, som er eitt av 4-5 andre tilsvarande beredskapslagre i Norge.

Bygget på Eldøyane inneheld nær 100 kilometer med sjøkablar, like langt som frå Bergen til Voss. Kablane skal til ein kvar tid vere klare til å takast i bruk i heile Norge dersom ein kabel skulle bli øydelagt.

Havari sette fart i prosjektet

Prosjektet starta for fire år sidan, og no står beredskapslageret klart til bruk. Om ei dryg veke skal det opnast av stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland (H).

Stig Fretheim er dagleg leiar i REN Sjøkabelberedskap, som skal drifte anlegget på Stord.

– Bakgrunnen for prosjektet er at BKK hadde eit havari på ein sjøkabel ut til Kolsnes for nokre år sidan, og då hadde dei berre ei ledning, og det kunne hatt store konsekvensar dersom noko skulle skje med denne, fortel Stig Fretheim, som er dagleg leiar i REN Sjøkabelberedskap, skal drifte anlegget på Stord.

På den tida kunne ta to år frå bestillinga av ein ny sjøkabel og fram til den vart installert. I ettertid har det også kome nye forskrifter som stiller strengare krav til at sjøkablar skal erstattast så raskt som mogleg.

- Annonse -

– Dette gjorde at me fekk litt fart på arbeidet, og førte til at me no i lag med 30 straumselskap har bygd dette lageret. I staden for at kvar og eit av selskapa skulle bygge sitt eige lager, som ville kosta langt over ein milliard kroner, har dei gått saman om dette anlegget til ein kostnad på 230 millionar kroner.

Slik føregår legging av sjøkablar. Foto: REN Sjøkabelberedskap

– Veldig spennande prosjekt

Det kjem til å vere éin fast tilsett ved anlegget, som heile tida skal vere i beredskap dersom det er behov for sjøkablar.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt for oss. Dersom det skjer noko så er det berre å setje ting i beredskap, og då har me avtalar med maritime selskap som skal finne feilen og legge kablane. Me har rekna med at me skal kunne klare dette på fire til seks veker over heile landet.

– Kvifor vart Stord valt ut for eit slikt beredskapslager?

– Det er ikkje tilfeldig at me valte Stord. Det ligg på ein god plass i forhold til industri og kompetanse. Me brukar mannskap frå dei ulike bedrftene som ligg på Eldøyane, og me har avtale med Haugaland Kraft at dei rykker ut dersom me får eit havari.

Det er Fronta Bygg som har stått for oppføringa av beredskapshallen på Eldøyane.

- Annonse -