Ragnfrid Sønstabø bur på Espevær der ho driv landhandel. Foto: Norgesgruppen
- Annonse -

Nominasjonskomiteen i Bømlo Høgre har innstilt Ragnfrid Sønstabø som partiet sin ordførarkandidat til kommunevalet 2019.

Sønstabø er 50 år gammal og driv i dag handelsverksemd på Espevær, pluss at ho har mange andre jern i elden.

– Ho er ei av desse som tilsynelatande får tid til alt, og alltid med godt humør og ein hyggeleg kommentar, seier Øyvind Halleraker, som er leiar i nominasjonskomiteen i Bømlo Høgre.

Ho har 12 års fartstid frå kommunestyret, og har vore gruppeleiar i Høgre på Bømlo. Ho har også vore varaordførar i Bømlo i ein kortare periode.

– Ragnfrid er svært motivert og gler seg til å få lov til å vera med å utvikle Bømlo vidare. Ho er opptatt av samarbeid, og har tru på at det er slik ein får dei beste løysingane, til det beste for kommunen vår.

Halleraker trekkjer fram hennar varierte erfaringar som næringsdrivande og som aktiv mor, som i sum gjer ho til ein eigna ordførar på Bømlo.

- Annonse -

– Ho er oppteken av best moglege vilkår for næringslivet og ikkje minst for gründarar, og meiner det er viktig at næringslivet blir høyrt og sett. Ho er som mor oppteken av barn og unge, skule, fritidstilbod og oppvekstvilkår.

– Alt i alt meiner me at Ragnfrid har veldig mange kvalitetar som me ønskjer at heile Bømlo skal få bli kjend med. Ho er ei positiv dame som også er svært inkluderande med sine medmenneske, og vil utvilsamt bli ein god ordførar for alle.

Bømlo har sidan 2011 blitt styrt av tidlegare Stord-lensmann Odd Harald Hovland frå Arbeidarpartiet. Før dette hadde Høgre makta i 12 år.

- Annonse -