- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kværner er i no full gang med demoleringa av den britiske Miller-plattforma. Fredag blei flammetårnet velta i ein spektakulær operasjon.

I desse dagar blir den britiske Miller-plattforma demolert på Kværner sitt demoleringsanlegg på Stord. Denne kontrakten har ei verdi for Kværner på 200 millionar kroner.

– Dette er ein plattform frå Storbritannia som me mottek frå tungløftefartøyet Saipem 7000. Dei har levert strukturane til oss i fleire runder den siste tida, fortel kommunikasjonssjef i Kværner, Torbjørn Andersen.

Den spektakulære videon, som du kan sjå øvst i saka, viser rivinga av det 115 meter flammetårnet på plattforma.

– Sjølve flammetårnet er 115 meter høgt, men står oppå ein modul. Det betyr at toppen av flammebommen ragar 145 meter før den gjekk i bakken.

Andersen fortel at Kværner kjem til å resirkulere og gjenbruke det aller meste av installasjonane dei får inn på demoleringsanlegget.

- Annonse -

– Flammetårnet består av mykje stål, og det vil i all hovudsak bli resirkulert. På dei andre delane vil det bli mykje gjenbruk. Til saman har me ein typisk gjenvinningsgrad på over 99 prosent.

Han peiker på at Stord er ein veldig godt eigna stad for gjennvinning av gamle plattformar.

– Me har etter kvart gjort fleire liknande operasjonar som dette. Så på Stord det blitt etablert ein god posisjon for dette med å gjenvinne plattformar. Me ser at dette er ein marknad som aukar framover, seier Andersen.

– For augneblinken har me tre prosjekt som er i gang, og me er i ferd med å diskutere ytterlegare prosjekt. Tidlegare denne veka kom også Varg-plattforma til Stord, ei plattform som i si tid blei bygd av Kværner.

Andersen vil ikkje seie kva prosjekt dei held på forhandle om, men slik Kværner-konsernsjef Karl Petter Løken tidlegare har uttalt er demolering av Statfjord A-plattforma ein jobb dei håper på.

– Dersom den skulle kome til Stord ville det vere veldig spennande for Kværner. Anlegget på Stord er veldig godt eigna. Men me diskuterer fleire moglege prosjekt. Så er det opp til kundande å bestemme, inntil det er det vanskeleg å kommentere kva prosjekt som er mest aktuelle.

 

- Annonse -