Sokneprest Olav Johannes Oma til Stord. Foto: FP-arkiv/KR.
- Annonse -

Det er no endeleg avklart at sokneprest Olav Johannes Oma tek over stillinga som sokneprest i Stord.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Det tør vera kjent for dei fleste at Bjørgvin bispedømeråd i førre veke tilsette sokneprest Oma i eit tre års vikariat som sokneprest i Stord.

I dag stadfestar soknepresten vår at han har teke imot tilbodet frå Stord, og vil snart ta til i jobben. Men han sluttar ikkje heilt av arbeidet i Fitjar før etter konfirmasjonshelga 12.-13. mai.

Dermed blir det ein glidande overgang for soknepresten og kyrjelyden i Fitjar. Kyrkjeverje Harald Rydland er ikkje overraska over valet til Oma, og seier at Fitjar no set i verk planen som nemnt i førre veke. Dei vil be bispedømmerådet om å lysa ut stillinga som sokneprest i Fitjar så snart som råd.

Kyrkjeverja vår vonar og trur at kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen vil fungera som sokneprest i Fitjar til dei har fått tilsett ny. Dette er ein prosess som vil ta noko tid, legg Harald Rydland til.

- Annonse -

Sokneprest Oma vil bli buande i prestegarden på Fitjar medan han jobbar i Stord kyrkje. Til liks med kyrkjeverje Rydland ynskjer me Oma god tur over Morkjo.

- Annonse -