Leiv Stokken med oldebarnet Karl Andreas Stokken på armen. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Dåfjordingane møtte opp i store flokkar for å visa si støtte til Selevik skule under den organiserte markeringa onsdag ettermiddag.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Over 160 store og små var til stades, altså godt over halvparten av alle i krinsen. Og det er ingen tvil om kva folk meiner om nedlegging av skulen i bygda.

Fleire understreka at unge folk frå Dåfjorden ønskjer å komma heim og slå seg ned, men føresetnaden for det er at skulen blir oppretthalden. Skulen bidrar til folkeauke i krinsen, medan nedlegging vil føra til fråflytting.

Vurderer å flytte til bygda

Ein av dei sterkaste appellane kom frå Leiv Stokken, busett på Stord. Med oldebarnet Karl Andreas Stokken på armen oppmoda han Fitjar kommune om å halda oppe Selevik skule.

– Då kjem denne guten til Selevik, men viss ikkje, blir han på Stord!

- Annonse -
- Annonse -

Han sikta til at foreldra til guten, Catherine og Steinar Andreas Stokken, på det nærmaste er klare til å byggja nytt hus i Dåfjorden. Men føresetnaden er at skulen blir halden oppe. Kanskje blir foreldra til Steinar Andreas med også, Ole Andreas og Inger Lise Stokken.

– Me bur i dag på Stord, men vurderer å flytta til Selevik, stadfestar Ole Andreas Stokken.

Blir skulen nedlagd, kan altså Fitjar kommune gå glipp av fem nye dåfjordingar berre frå denne familien.

Mange appellar

 

Representantar frå FAU ved Selevik skule, Dåfjord Næringsforum og Dåfjorden Vel heldt saklege appellar, der dei peika på følgjene av å leggja ned Selevik skule.

FAU-leiar Rune Helland, som leia markeringa, meinte at det ville vara ei kortsiktig innsparing å leggja ned skulen. Han la vekt på at nedlegging vil påverka krinsen og kommunen negativt, medan det vil bidra til innflytting å halda oppe Selevik skule

Dåfjordingar i alle aldrar fylte skueplassen på Selevik skule. Foto: Kjetil Rydland.

Skulen gjer oss glade!

Han lét elevane stå fram med plakatar til støtte for skulen sin, og presenterte kva dei hadde svart på spørsmålet: – Kva liker de ved skulen?

- Annonse -

Ikkje uventa kom det fram sterke støtteerklæringar frå elevane, som til dømes:
– Me blir glade når me kjem på Selevik skule!

Annar Westerheim er ein annan aktiv samfunnsbyggjar i krinsen. Han fortalte om arbeidet med uteområdet, turstien, ballplassen og andre tiltak for skulen og Selevik-krinsen.

Han minte om at skulen bidrar til folkeauke i Dåfjorden. I 1987 hadde krinsen 90 innbyggjarar, og i 2018 har folketalet kome opp i 251, altså ein auke på 161! I krinsane Osternes og Hageberg, som har mist skulane sine i vår tid, har folketalet gått ned.

Det er ingen tvil om kva elevane meiner om nedlegging av skulen. Foto: Kjetil Rydland.

Annar Westerheim er optimist på vegner av Fitjar kommune og Selevik-krinsen om det blir vidare drift av skulen.

– Dersom folketalet i Fitjar aukar med 50 personar, vil me kompensera for bortfallet småkommunetilskotet då me runda 3200 innbyggjarar, understrekar Annar Westerheim.

Han viser til kva ordførar Wenche Tislevoll uttalte til Fitjarposten 23. mai i år då folketalet i kommunenn runda 3200:

– I 2018 får me 59 890 kr per innbyggjar i skatt og rammetilskot. Det tyder at me treng 47 nye innbyggjarar for å erstatta småkommunetilskotet som me er i ferd med å missa, seier økonomisjefen i Fitjar, Trond Salmo.

Skulesjef Raunholm fekk med seg bodskapen

– Eg er glad for at eg tok turen, seier skulesjef Jon Karsten Raunholm , som noterte seg gode innlegg for å behalda skulen.

Han la til at han hadde fått med seg bodskapet og at folk er engasjerte. Og han lova å ta med seg i den vidare behandlinga dei refleksjonane han hadde fått del i under markeringa på Selevik skule.

– Det er flott at folk står fram, meiner skulesjefen

Og sjølv stiller skulesjefen sporty opp. Men kor var politikarane i Fitjar?

Linn Solveig Sørvik i Dåfjord Næringsforum, kulturprisvinnar (og mykje meir) Toralv Røen og skulesjef John Karsten Raunholm. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -