Over 30 medlem, samt tilsette og andre, var tilstades på Stord kulturhus for å lytte til Helga G. Eriksen. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24.
- Annonse -

For nokre av medlemma i Onsdagsklubben er det ikkje alltid like lett å skulle lese sjølv. Derfor var det ekstra stas når forfattar Helga Gunerius Eriksen kom på besøk onsdag kveld. 

– Eg har ei venninne som heiter Karina. Ho hadde ein bror som heitte Pål. Han hadde Downs syndrom. Dei to var veldig glad i kvarandre, og når Pål fylte 50 år, hadde Karina lyst å gi han ein fin presang til dagen. Aller mest hadde Pål ein draum om å reise på cruiseskip med stor båt.

Slik opna forfattarmøte med Onsdagsklubben i kulturhuset i går kveld. Helga Gunerius Eriksen (68) har lang fartstid som forfattar, med heile 21 barne- og ungdomsbøker og fire vaksenromanar bak seg.

I 2006 var ho med å starta Falturiltu. Tolv år seinare er ho tilbake for å lese for Onsdagsklubben under årets festival – denne gang med ei bok av litt spesiell betydning.

Frå Bergen til Kirkenes

– Pål var ein god ven av meg. No er han død. Eg gjekk i klasse med søstera hans og kjenner ho godt, seier Eriksen minuttar før boklesinga startar.

Boka «Påls reise» blei gitt ut i 2009 og er ei tilrettelagt dokumentarbok for vaksne med utviklingshemming. I bilete og tekst får me vere med på hurtigruteskipet Richard With og Pål på reise frå Bergen til Kirkenes.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg synes boka er veldig fin å lese frå, og den har ein del fine bilete som er verdt å merke seg. Men det beste med boka er at eg fekk lov til å bli med Pål på reisa og skrive ei historie om turen.

Når ein forfattar fengjer

Det er ikkje første gang Eriksen tek turen til Onsdagsklubben, og det var tydeleg at dette var eit gledeleg gjensyn for mange. Over 30 medlem, samt tilsette og andre, var tilstades på Stord kulturhus for å lytte til forfattaren.

Onsdagsklubben er eit kommunalt fritidstilbod for utviklingshemma over 25 år, medan Måndagsklubben tar sikte på å nå ut til dei som er under 25 år. Begge klubbane møtes ein gang i veka.

– Er det mogleg å låne boka på biblioteket? Eg er ikkje så flink å lese, men eg prøvar å øve meg, spør eitt av medlemma.

Og for ein elles så aktiv gjeng med musikk, kortspel, bingo og dans på tapetet, var stillheita forbausande framtredande under gårsdagens boklesing.

- Annonse -

– Du fekk sikkert med deg at dei var veldig rolige. Dette varierer jo sjølvsagt. Men når ein forfattar fengjer, er det stille. For nokre av medlemma er det ikkje like lett å lese. Derfor er det noko heilt anna å skulle bli lest for, seier ein av dei tilsette, Siv Nesse.

Helga Gunerius Eriksen (68) har lang fartstid som forfattar, med heile 21 barne- og ungdomsbøker og fire vaksenromanar bak seg. Foto: Malin Langøy Aarbø/Stord24.

Målet er å formidle til alle

Forfattarmøte med Måndags- og Onsdagsklubben har nærmast blitt eit fast innslag i programmet til Falturiltu, og har vore ein stor suksess dei siste åtte åra.

Men skulle politikarane gå inn for budsjettforslaget til rådmannen, kan ein risikere at dei to klubbane blir lagt ned – og at det dermed ikkje vil bli fleire forfattarmøter for klubbane.

Hege Myklebust, som er med i programkomiteen til Falturiltu, synes dette er trist.

– Me bestemte oss ganske tidleg for at me ønska å inkludere alle, og ville derfor tilby forfattarmøte med klubbane. Me synes det er viktig å formidle bøker og litteratur til alle. Først og fremst barn og unge, men også vaksne. Målet er at folk på Stord skal bli presentert for gode bøker dei kan lese heime.

Framleis aktuelt med eigen bokkveld

– Dersom klubbane blir lagt ned, kjem de likevel til å ha eit tilbod for denne målgruppa på neste års Falturiltu?

– Då må Falturiltu vurdere om me skal arrangere ein eigen bokkveld for medlemma likevel. Men me må først og fremst gå inn for at klubbane kan halde fram. Falturiltu kjem til å protestere mot nedlegging på lik linje med andre som protesterar, seier ho.

Også Eriksen meiner det er eit viktig poeng at festivalen skal vere for alle.

– Det at me får lov til å lese for barn, ungdom, vaksne – alle målgrupper – er heilt fantastisk. Eg synes det er veldig stas å vere her. Festivalen har vakse for kvart år som går, og eg er blitt veldig glad i Falturiltu.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -