No vil 57 prosent av aksjane i SKL bli kontrollert frå Haugesund. Det gjer at Geir Angeltviet (V) er uroa for arbeidsplassane på Stord.
- Annonse -

Fjellberg Kraftlag skal no bli ein del av Haugaland Kraft. Det fører til at 57 prosent av Sunnhordland Kraftlag-aksjane no vert kontrollert frå Haugesund.

Fitjar Kraftlag har inngått ein intensjonsavtale om å bli fullintegrert med Haugaland Kraft. Dermed blir kraftlaget sin aksjepost i SKL på 2,97 prosent overført til Haugaland Kraft.

I løpet av det siste året har det same skjedd med Finnås Kraftlag og Fitjar Kraftlag sine aksjepostar i SKL.

Dermed blir Haugesund-dominansen av SKL enno sterkare. Mindre enn ti prosent av SKL-aksjane vil no vere kontrollert frå aktørar i Sunnhordland.

Frå 43 til 57 prosent på eitt år

Haugaland Kraft vil no kontrollere 57 prosent av aksjane i SKL. Dermed manglar dei berre dryge seks prosent av aksjane før dei i prinsippet kan gjere som dei vil med framtida til SKL.

For under eitt år sidan var Haugaland Kraft sitt eigarskap i SKL på ca. 43 prosent.

- Annonse -

Ordførar Gaute Epland (Ap) meiner utviklinga viser at Stord kommune sin eigarpost i SKL på 2,14 prosent er svært viktig, og vil vere med å hindre at Haugaland Kraft får reint fleirtal.

– Denne utviklinga er forventa. Det viser at vår eigarposisjon er strategisk veldig viktig, sjølv om den er liten. Me har no inngått eit samarbeid med BKK om å ha ein styreplass i det nye SKL-styret. Der har me fått inn ein lokal representant som kan sikre Stord kommune sin interesse.

Sverre Olav Svarstad i Høgre meiner det er trist at SKL mister lokal forankring.

– Trist utvikling

Sverre Olav Svarstad i Høgre meiner det er ein trist utvikling at SKL har mista så mykje lokal forankring i Sunnhordland på så kort tid.

– Det er for så vidt ikkje uventa, og det er vanskeleg å seie kva konsekvensane blir av dette. Men det er jo litt trist at dette skjer. SKL har jo vore ein strategisk viktig bedrift i Sunnhordland i mange år, og gjort utruleg mykje for regionen, så me får berre håpe at dei framleis vil ha ein solid forankring her.

– Må vere obs

Geir Angeltveit (V) meiner endringa i eigarstrukturen bør vere ei varsellampe for politikarane med tanke på å behalde SKL sine arbeidsplassar på Stord.

– Det er opplagt at for Stord sin del må me tenkje strategisk og langsiktig om eigarskapet vårt opp mot dei to store eigarane Haugaland Kraft og BKK. Me må sikre at abreidsplassane blir verande på Stord og at me har ein trygg forankring i lokalsamfunnet.

– Gjer utviklinga deg uroa?

– Jau, eg er var på at den konsolideringa som har teke seg opp i det siste er noko me må vere obs på. Dette berører oss i veldig stor grad, og me må vere klar over kva det betyr dersom nokon vil selje Stord kommune sin aksjepost.

Etter at integreringa av Fjellberg Kraftlag er fullført vil eigarane til SKL fordele seg slik: Haugaland Kraft – 57%, BKK – 33,7%, Stord kommune – 2,14%, Fitjar Kraftlag- 3,39% og Tysnes Kraftlag SA – 4,40%.

- Annonse -