Slik var det tenkt at biogassfabrikken skulle sjå ut då Seglneset var aktuell lokasjon. Illustrasjon: Sunnhordland Naturgass
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jan Kåre Pedersen har hatt eit møte med rådmannen i Bømlo om alternativ lokasjon for det planlagte biogassanlegget. I dag skal han ha møte med Fitjar kommune.

Protestane har stått i kø frå lokalmiljøet etter at planane til Sunnhordland Naturgass om å bygge biogassanlegg på Seglneset i Sagvåg vart kjent.

Førre veke hadde Jan Kåre Pedersen førehandskonferanse med Stord kommune. Her kom det fram at Stord kommune vil krevje full reguleringsplanprosess før biogassanlegget kan etablerast.

– Me vil jo ha det på Stord, men me ser jo at det kan bli vanskeleg, seier Pedersen.

Møtte Bømlo-rådmannen

No har han allereie hatt møte med rådmannen i Bømlo kommune.

– Me hadde eit møte sist fredag, heilt uforpliktande. Men ingenting er avgjort, seier rådmann Geir E. Aga til Bømlo-Nytt.

- Annonse -
- Annonse -

Rådmannen har allereie kome fram til kva stadar på Bømlo som ville vere eigna til ein slik fabrikk.

–  Det er lagt nokre kriterier for ei eventuell etablering, mellom anna at området må liggja til sjø. På Bømlo kan dermed Serklau vera eitt alternativ, der er det reulert til næring. Men det er mykje som må avklarast før det blir ei etablering av ein biogassfabrikk på Bømlo. Dei vil jo helst etablera seg på Stord, seier Aga.

Blir utsett i eitt år

Pedersen seier at han ser på både Fitjar og Kvinnherad, i tillegg til Bømlo, som alternativ plassering for anlegget.

– Me skal ha eit møte i Fitjar i dag, og me har fått førespurnad frå nokre private i Kvinnherad som er interesserte, seier Jan Kåre Pedersen.

- Annonse -

Investoren legg ikkje skjul på at kravet frå kommunen om å lage reguleringsplan er ein av årsakene til desse møta.

– Det vil nok utsetje prosjektet eit heilt år. Sånn me opplever det og måten informasjonen me går ut på blir snudd og vridd på, går me ut frå at alle ankemoglegheitar vil bli benytta.

– Fryktar du at naboane kjem til å gjere alt dei kan for å trenere prosessen så lenge som mogleg?

– Eg fryktar ikkje at dei kjem til å gjere det, eg veit at dei kjem til å gjere det.

– Burde fortalt oss dette

Stord Arbeidarparti gjorde førre veke vedtak om at dei støttar planane om biogassanlegg på Stord. Pedersen seier han opplever at mange er positive til prosjektet, men for investoren er altså tida ein faktor.

– Skal du drive business i dag må du vere snar og bevege deg kjapt. Det gjer det utfordrande fordi me må lage kontraktane langt i forvegen sidan det er leveringstid på utstyret. Det kan føre til at anlegget ikkje kjem i drift før i 2020 eller 2021, og det er heilt uaktuelt for oss.

– Sjølvsagt skal me følgje alle lovar og reglar, men nokon burde fortalt oss at dette med at motstanden mot industri er så stor på denne tomta. Me ser jo berre kva som står i planane, der det har vore industri her i alle år.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -