Illustrasjonsfoto: NRK/Pixabay
- Annonse -

– Svært mange tilsette i Stord kommune hadde permanent tilgang til alle pasientjournalane i heimetenesta utan at dei hadde bruk for det, skriv fylkesmannen.

I mars skreiv Stord24 om pårørande til ein brukar som klaga Stord kommune inn til fylkesmannen på bakgrunn av svært mange innsyn i brukaren sin pasientjournal.

Klagaren fekk innsyn i loggen til pasientjournalen, og oppdaga at det var nær 450 påloggingar i brukaren sin pasientjournal frå kommunalt tilsette i løpet av nokre dagar, før det i det heile teke var avklart at vedkomande skulle ha hjelp frå kommunen.

– Ikkje forsvarleg

No har fylkesmannen i Hordaland behandla klagen, og konkluderer med at Stord kommune ikkje sørgja for eit forsvarleg journalsystem.

– Stord kommune har ikkje sørgja for eit forsvarleg journalsystem ved at personell som ikkje hadde behov for det, likevel hadde tilgang til pasientopplysningar.

Fylkesmannen peiker på at praksis der svært mange tilsette har permanent tilgang til alle pasientjournalane er i strid med kommunane si plikt til eit forsvarleg journalsystem.

- Annonse -
- Annonse -

– Seks sakshandsamarar som tildeler tenester og svært mange tenesteytarar hadde permanent tilgang til alle pasientjournalane i heimetenesta utan at dei hadde bruk for det, skriv fylkesmannen.

- Annonse -

Tek saka vidare til Helsetilsynet

Kommunen har signalisert at dei no har avgrensa tilgangen til pasientjournalar for tilsette på tildelingskontoret når det gjeld nye pasientar, fram til det er avklart om pasienten skal ha tenester.

Stord kommune har no fått pålegg om å vise kva dei har gjort for å avgrense tilgangen til pasientjournalane, innan 1. desember.

– Kommunen må gjennomgå korleis den kan avgrense tilgangen for dei som både tildeler og dei som yter heimetenester.

Stord24 har vore i kontakt med pårørande til brukaren, som seier følgjande i ein kommentar:

– Me har ikkje fått noko beklagelse frå kommunen på dette, og me tek saka vidare til Helsetilsynet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -