Asbjørn Strand frå Stord er sentral i utviklinga av teknologien i den nye fiskemjølfabrikken til 300 millionar kroner som skal byggast i Egersund. Foto: Fjell Techonoly Group/Prima Protein
- Annonse -

Stordabu Asbjørn Strand i Fjell Technology Group har brukt dei sterke industrirøtene frå Stord for alt dei er verdt.

Stord, 1919: Industrieventyret på Kjøtteinen starta med etableringa av Stord sildoljefabrikk. Fabrikken var i drift fram til 1959, men i mellomtida hadde dei og byrja produksjon av prosessutstyr for sal til andre under selskapsnavnet Stord Bartz. Denne aktiviteten var betydeleg på Stord fram til år 2000. Sildoljefabrikken var forløparen til det som i dag er Kværner Stord.

Bergen, 2018: Stordabu Asbjørn Strand bygger vidare på tradisjonane og kunnskapen frå Stord Bartz, og leverer gjennom selskapet Fjell Technology Group utstyr for fleire titals millionar kroner til fiskemjølsproduksjon og anna miljøteknologi i inn- og utland.

– Me held liv i arven frå industrien på Kjøtteinen, slår Asbjørn Strand fast.

Det bergensbaserte selskapet Fjell Technology Group der stordabuen er medeigar, har nyleg signert ein kontrakt på over 20 millionar kroner med selskapet Prima Protein relatert til ei storsatsing innan fiskemjølsprodukjon i Egersund.

Kunnskapen vidareført i generasjonar

Ordren består av maskinar til ein heilt ny fiskemjølsfabrikk, som vil produsere over 1000 tonn fiskemjøl i døgeret. Strand trur ikkje dei hadde haldt på med dette, hadde det ikkje vore for oppveksten på Stord, og at fleire i familien tidlegare har jobba ved Stord verft.

- Annonse -

– Nei, det trur eg ikkje. Då hadde eg nok balt med noko heilt anna. Det er litt venstrehandsarbeid for oss, desse tunge maskinane til fiskemjøl, sidan me har levert mange tilsvarande før. Me har difor ein god metodikk på å få gjennomført dette effektivt i vår begrensa organisasjon.

Dei første sekkane med fiskemjøl som vart produsert på Stord vog 100 kilo. Sjuarane som måtte transportere sekkane fekk seg med andre ord gode arbeidsøkter. Bilete er frå Kannelønning-samlinga ved Sunnhordland museum, henta frå boka «75 år på Kjøtteinen», skriven av Alf Terje Mykleust.

Fjell Technology Group opererer over hele verda med utvikling, leveransar og installasjon av utstyr for prosessering og tørking av blant anna fiskemjøl, som utgjer rundt 50 prosent av den årlege omsetnaden til selskapet.

– Ein ting er kva det betyr for omsetnaden, men det som er det finaste er at dette er ein skikkeleg fjør i hatten, for her blir me målt opp mot store tunge internasjonale konkurrentar som tok over denne marknaden då patentane til Stord Bartz vart forelda. Desse ordrane vert det kjempa hardt om.

«Her går det nok til helvete»

Ein må tilbake til 1980-åra for å få svar på korleis Asbjørn Strand no har blitt ein av dei siste som held liv i dei hundre år gamle industritradisjonane på Stord. Då begynte han å jobbe for selskapet Stord Bartz, som fekk namnet sitt frå Bartz-familien frå Bergen som overtok sildeoljefabrikken på Stord i si tid.

– Då eg var student i NTNU på 80-talet tok eg diplomet min for Stord Bartz. Seinare tok eg doktorgrad på UiB og begynte igjen i selskapet etter å ha drive med klimaforsking nokre år. Eg fann ut at her går det nok til helvete, så her må me ut i industrien for å lage miljøvenleg teknologi.

Sjølv om sildoljefabrikken på Stord vart lagt ned i 1959, haldt produksjonen av prosessutstyr fram heilt til fram til år 2000.

Den originale siljeoljefabrikken på Kjøtteinen starta opp i 1919 og var starten på industrieventyret. Neste år feirer Kværner 100 år sidan industrien vart starta. Bilete er frå Kannelønning-samlinga ved Sunnhordland museum, henta frå boka «75 år på Kjøtteinen», skriven av Alf Terje Mykleust.

– Stord Bartz produserte utstyr for alt frå sukkerindustri og sildoljefabrikkar til ølbryggeri og whiskydestilleri. Som ung teknolog på 90-talet jobba eg med vidareutvikling av desse apparata. Det var over tre hundre tilsette her heilt fram på 80- og 90-talet, med kontor på alle fem kontinent.

– Det var desse som utvikla den moderne prosessen for fiskemjølproduksjon. Dei patenterte viktige apparat som fiskekokarar, tørkarar. Dei leverte bortimot to tredjedeler av utstyr av alle verdas fiskemjølsfabrikkar fram til 80-tallet.

Tok over satsinga

Produksjonsverkstaden på Stord blei flytta frå Stord til Polen i år 2000. Det var då Fjell kom inn. Fjell hadde sidan 70 tallet vore ein viktig underleverandør til Stord Bartz frå verkstaden sin på Sotra.

– Kompanjongen min kjøpte då  frå Stord og då utvikla me ein ny og betre tørketeknologi. Og har sida den gongen hatt det som ein kontinuerleg sideverksemd.

Fjell Technology Group satsar også stort innan eit heilt anna segment, nemleg utvikling av teknologi for  CO2-fangst. Her er Strand prosjektleiar for  to utviklingsprosjekt med budsjett på over 50 million kroner med Statoil, NTNU, SINTEF og CMR med på lag. Men Strand er glad for å også halde liv i tradisjonane knytt til produksjon av fiskemjøl.

– Me plukkar nokre gode ordrar i ny og ne. Me held liv i desse apparata som opphavleg blei utvikla på Stord. Det er endå over 1000 maskinar i drift i verda i dag som er produserte på Stord, for dei varar i veldig mange år.

- Annonse -