Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Midt på natta rykte eit brannmannskap på 14 stykk ut til ein skog- og grasbrann i Sæbøhaugen i Kårevik på Stord. Dei fekk heldigvis raskt kontroll på brannen.

Det gjekk bra også denne gongen. Den tredje gras- og skogbrannen på Stord i løpet av årets ekstremtørke kunne fort teke ein annan vending.

Brannen skjedde denne gongen like ved bustadfeltet Sæbøhaugen, berre 15 meter frå næraste bustadhus. Alamsentralen blei varsla av ein av naboane rundt klokka 3 i natt.

– Då blei det slått full alarm, og sendte ut det me får av mannskap. Me var vel 14 mann på staden.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen. Frå meldinga kom til brannen var sløkt tok det ikkje meir enn 40 minuttar.

– Det er alltid dramatikk når det er så nært bebyggelse og så tørt som det er no. Men heldigvis var det heilt vindstille, så det hjelpte veldig på, seier Jan Tore Brückner i Stord brann og redning.

- Annonse -

– Det var ekstremt tørt der som det brann, men me fekk fort kontroll då me hakka opp jorda og dynka den med vatn. Det var difor ikkje noko stor dramatikk, seier Brückner.

Det var ingen som vart evakuerte som følgje av brannen.

For berre ei veke sidan var det tillaup til grasbrann ves Skjepahaugvatnet på Stord, etter at nokon hadde tent bål. I starten av juni kunne det gått skikkeleg gale då det byrja å brenne på Huglo. Brückner nyttar høve til å minne alle om å passe på den store gras- og skogbrannfaren.

– Det er forbode med eld i naturen og på offentlege stadar. Så tørt som det er no kan berre litt røyk i vegkanten vere nok til å starte ein skogbrann.

- Annonse -