Foto: Malin Langøy Aarbø.

Meisterkokken håpar at Grøntboka vil få fleire til å ete meir grønt i kvardagen.

– Folk generelt et alt for lite grønsaker. Ein typisk norsk middag består gjerne av kokte poteter, saus og kanskje ei gulrot attmed. Men det finst så utruleg mange gode råvarer ein kan bruke, spesielt på denne tida her, seier Geir Skeie.

Nyleg lanserte han ein oppfølgjar til Sausboka frå 2014, som selde over 18 000 eksemplar i løpet av eitt år.

Denne gongen er det tilbehøyret som står i fokus.

Enkel matlaging

– Boka tar utgangspunkt i at alle råvarer skal kunne finnast på til dømes Rema 1000. Me har prøvd å bruke minst mogleg kompliserte grønsaker som ein ikkje får tak i på små stader som Stord og Fitjar, for det er ikkje så kjekt, opplyser Skeie.

Med litt teknikk, ein god dose inspirasjon og kunnskap om behandling av ulike typar råvarer trur han at matlaging kan bli ei kjekkare oppleving for fleire.

– Ein treng ikkje alltid gjer så mykje ut av det. Med små justeringar kan ein til og med få ein blomkål til å smake mykje meir enn berre ved å koke den.

– Det er ikkje naudsynt å gjere det så avansert.

Ikkje ei sofabok

Den nye boka følgjer same mal som den førre. Skeie er sikker i si sak på kvifor konseptet har slått godt an tidlegare.

– Eg føler mange kokebøker er av typen som ein les i sofaen. Men når ein faktisk skal lage mat, slår ein gjerne opp i Haugesund kokebok, for det er der oppskriftene er. Dei andre fine kokebøkene blir ståande, seier han.

– Når ein har ei slik konkret kokebok, der det lett er tilgang til oppskrifter, er den meir praktisk å bruke. Eg vil ikkje at det skal bli ei lesebok i sofaen. Eg vil lage ei bok som gjer at folk lagar betre mat i heimen.