Fptp: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Det er ein uheldig tilnærming at rådmannen sine kutt råkar dei mest utsette gruppene, sa Sigbjørn Framnes (Frp).

Ingen vedtak vart gjort under onsdagens møte i formannskapet om budsjettet, men politikarane gav sine førebelse reaksjonar på rådmannen si kuttliste.

Det var høg temperatur i debatten, men ein ting kunne det verke som politikarane var samstemte om: å redde fritidsklubbane Harri og Litlabø, samt måndagsklubben og onsdagsklubben, som er fritidstilboda for utviklingshemma på Stord.

Alle desse fritidstilboda har rådmannen føreslått å avvikle til neste år.

Politikarane skulle i dag berre røyste for å sende budsjettframlegget til rådmannen ut på høyring. Men eit mindretal beståande av Sigbjørn Framnes (Frp), Sverre Olav Svarstad (H) og Geir Angeltveit (V) røysta for å ta vekk punkta om fritidsklubbane frå budsjettframlegget allereie no.

– Det mest utfordrande kuttforslaget

Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) uttrykte at også han såg for seg at klubbane blir redda, men meinte likevel det var mest ryddig å ikkje endre på framlegget før høyringsrundene.

- Annonse -
- Annonse -

– Eg trur ingen blir overraska over at måndags- og onsdagsklubben har vore det mest utfordrande kuttforslaget i budsjettet. Men me har hatt ein tradisjon om at formannskapet sender ut budsjettet på høyrng slik det er. Når me likevel sender det ut på høyring så er det fordi me vil ha tilbakekmeldingar, sa Bjelland.

Ordførar Gaute Epland (Ap) inviterte alle partia om å samarbeide tett fram mot budsjettet skal bli vedteke i desember.

– Me har invitert alle gruppeleiarane til å samarbeide. Me er i ein sånn situasjon at me må snakke saman og kome fram til gode løysingar i lag, sa Epland.

Frp vil heller kutte i administrasjonen

Men i formannskapet var det ikkje særleg til samarbeidsklima å skryte om. Sigbjørn Framnes (Frp) gav tydelege signal om at linja rådmannen har lagt seg på ikkje er noko Framstegspartiet vil kome til å støtte.

– Det er ei uheldig tilnærming at rådmannen sine kutt råkar dei mest utsette gruppene. Han burde vore meir open for andre organisasjonsformar i eigen organisasjon. Eg trur og meiner at rådmannen sit på ein stab som heller bør sjå dette frå utsida. Dette perspektivet manglar, sa Framnes.

Frp-politikaren var også tydeleg på at dei ikkje kjem til å støtte å auke eigedomsskatten, slik rådmannen har føreslått. Der fekk han også støtte frå Svarstad (H). Framnes varsla at dei ville kome med forslag om dekke underskotet ved effektiviseringstiltak i kommunen.

– Me kjem til å kome med reelle effektiviseringstiltak. Det nyttar ikkje seie at me har eit trepartsamarbeid. Me må stille ordentlege krav til eigen organisasjon, noko eg føler ikkje er blitt gjort. Me kjem ikkje til å røyste for framlagt budsjett, sa Framnes.

- Annonse -
Varaordførar Jakob Bjelland (Sp) meiner det er få av kuttforslaga til rådmannen ein kan gjere noko med.Arkivfoto: Jonas Sætre/Stord24

– Det er lite å gå på

Jakob Bjelland (Sp) lot seg provosere av den politiske motstandaren.

– Dette er gjentakande slik eg høyrer det frå opposisjonen. Det er deira privilegium å seie kva ein må spare og skjerme, men når ein ikkje har noko meir konkret å kome med enn ‘her må det effektiviserast’… Det er greitt å seie det, men eg saknar ei konkretisering.

Bjelland gav uttrykk for at det er lite anna i rådmannen si kuttliste som han ser for seg å redde.

– Alle som ser på budsjettet ser at det er avgrensa kva ein kan oppheve av kutta som rådmannen har føreslått. Det er lite å gå på. Viss ein heller ikkje ønskjer å auke inntektene, så skulle eg gjerne høyrt dei konkrete innsparingsforslaga som ikkje går ut over nokon, sa Bjelland.

Framnes avviste at dei ikkje har vore konkrete, og viste til at dei i fjor føreslå å redusere talet på avdelingsleiarar i Stord kommune.

– Det blir veldig spesielt å bli irettesatt av Bjelland når det gjeld detaljnivå. Me har vore veldig detaljert i kva me ønskjer å effektivisere tidlegare.

– Underleg kritikk

Han fekk støtte frå Svarstad frå Høgre.

– I mitt innlegg sa eg at det er vanskeleg for oss å auke i eigedomsskatten. Me vil vurdere å auke inntektene, men kan ikkje seie korleis me vil gjere det i dag. Det er underleg at Bjelland inviterer til eit samarbeid, og så blir me kritisert allereie no for ikkje å vere konkrete, sa Svarstad.

Geir Angeltveit (V) meinte også det var urimeleg av Bjelland å krevje detaljerte forslag allereie no.

– Bjelland maler opposisjonen med brei pensel med den type sleivspark. Posisjonen får betalt for til saman tre årsverk, og eg får 4 prosent frikjøp som medlem av formannskapet. Viss ein ikkje evnar finne innsparingstiltak som rommar så kan eg seie at det er andre som er villige til å overta.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -