Biltema-bygget på Heiane Vest er nesten heilt ferdig. Men om det kjem varehandel i bygget er høgst usikikert.
- Annonse -

Fylkesmannen i Hordaland held fast på innvendingane sine mot Biltema-varehuset som er under oppføring på Heiane vest, og ber regjeringa stanse bygginga.

– Me ber om at det vert utsett iverksetting av kommunen sitt løyve til klagen er avgjort. Bygget er under oppføring, og det er samfunnsmessig uheldig og kostnadssløsande om bygget blir teke i bruk til ei verksemd som eventuelt ikkje kan starte opp der.

Dette skriv fylkesmannen i Hordaland i eit brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet, der dei ber om at det blir oppnemnd settefylkesmann for handsaminga av klagen.

Bakgrunnen er at forvaltningsstyret i Stord kommune på eit møte i vinter ikkje tok klagen frå fylkesmannen om å stanse bygginga til følgje.

Meiner kommunen feiltolkar

Fylkesmannen går i brevet gjennom Stord kommune sine argument i saka punkt for punkt, og git uttrykk for at Stord kommune ikkje har forstått regelverket som dei sjølv skal handheve.

Mellom anna har Stord kommune argumentert for at plan- og bygningslova er ei ja-lov, og at dei difor ikkje har heimen til å avslå søknaden frå Biltema.

- Annonse -

– Reguleringsplanen fungerer ikkje slik at dei skal måtte gi heimel for å seie nei. Dei skal gi heimel for å seie ja til tiltak innan dei formål dei fastset. Me meiner såleis at kommunen har tolka verknaden av planen feil som grunnlag for si avgjerd.

Hadde sagt nei til McDonald’s

Stord kommune har også argumentert med at sidan forretningane Bilextra, McDonald’s og Shell har etablert seg på Heiane Vest, så bør dette tale for at Biltema også bør få løyve.

Også dette argumentet plukkar fylkesmannen frå kvarandre, og går langt i å seie at desse verksemdene aldri ville fått løyve til å etablere seg på Heiane vest dersom fylkesmannen hadde fått dei til handsaming.

– Me kan ikkje sjå at me har blitt gjort kjend med desse etableringane på nokon måte. Dei synest å ha skjedd berre med kommunale vedtak utan ytterlegare høyring. Dette er dermed ikkje presedenstilfelle som me har funne å kunne leggje vekt på.

Bekymra for presedens

Fylkesmannen meiner argumenta til kommunen stadfestar nettopp det dei er bekymra for, nemleg at Biltema skal skape presedens for anna detaljhandel som ein då ikkje vil ha høve til å seie nei til.

– Me kan ikkje sjå anna enn at dette viser at faren for presedensverknader er stor, og at kommunen nettopp viser konkret at det vil vere verknaden. Det er såleis all grunn for Fylkesmannen til å klage på vedtaket i kommunen.

Ein skal ikkje reise langt for å sjå at fylkesmannen sine innvendingar kan få reelle konsekvensar. På Åsane i Bergen førte Biltema nyleg opp eit nytt, stort varehus. Men motstand frå fylkesmannen også på denne tomta førte til at Biltema til slutt gav opp.

No vert bygget leigd ut til andre industriaktørar.

- Annonse -