Gruppeleiar Margareth Ottesen Mjønes i Stordlisto avviser at lista er avvikla. Foto: Stord kommune/privat
- Annonse -

Partistiftar Thor Gunnar Bjelland: – Stordlisto er oppløyst. Gruppeleiaren Margareth Ottesen Mjønes: – Stordlisto er ikkje lagt ned.

Torsdag sendte tidlegare Frp-politikar og ein av stiftarane av Stordlisto, Thor Gunnar Bjelland, ut melding om at partiet Stordlisto er oppløyst og ikkje vil stille liste til neste års lokalval.

– Etter samråd med styremedlemmene i Stordlisto vil me informere om at eit fleirtal i styret vil at Stordlisto skal bli oppløyst, skriv Bjelland.

Bjelland var med på å stifte partiet i forkant av førre kommunestyreval, men har aldri markert seg som politikar for partiet. Han flytta til Sverige og begynte å engasjere seg i svensk lokalpolitikk kort tid etter valet. I tillegg gjekk ein av dei andre profilane for lista, Leif Magne Hole, bort i fjor.

– Dette er veldig spesielt

Men gruppeleiaren i partiet si kommunestyregruppe, Margareth Ottesen Mjønes, stiller seg ikkje bak vedtaket om at lista er lagt ned.

– Det som har kome ut er ikkje noko styremøtevedtak. Stordlisto er ikkje lagt ned. Dette er eit innfall som han nede i Sverige har fått, saman med to av dei i kommunestyregruppa. Dei har ikkje diskutert dette med nokre av dei 22 andre som står på lista. Dette er veldig spesielt, seier Mjønes.

- Annonse -
- Annonse -

Den engasjerte politikaren frå Sagvåg meiner biogassaka har vore utslagsgivande for utspelet om å leggje ned lista. Stord24 skreiv i vår om korleis det var open krangel blant politikarane på lista om nettopp biogassaka.

– Det var ei runde med surmuling etter biogassaka. Det starta nok med det. Men dei kan ikkje sitje der og vere fornærma, og bestemme at Stordlista må leggast ned. Thor Gunnar Bjelland er ikkje ein gong medlem av Stordlista lenger, så det er veldig spesielt at han har sendt ut denne pressemeldinga utan å informere medlemane.

Motivert til å halde fram

Mjønes fortel vidare at ho har teke initiativ til at Stordlisto skal delta på eit møte med Sunnhordland Naturgass måndag om biogassanlegget. Der ønskjer ho også å drøfte saka om framtida til Stordlisto.

– Då vil me diskutere vegen vidare for Stordlisto. Blir samde om at dette ikkje er noko å drive på med vidare må me vere samla om det.

– Er du sjølv motivert for å halde fram?

– Jau, eg har tidlegare vore i kontakt med ein del folk som er positive til å stå på lista. Folk meiner me bør ha eit parti som vågar å seie litt andre ting enn dei andre partia. Så får me ta diskusjonen på måndag.

- Annonse -

Stiller seg bak Bjelland

Tore Hatlevik i Stordlisto. Foto: Delta

Tore Hatlevik stadfestar at både han og Arnfinn Saue stiller seg bak Thor Gunnar Bjelland si avgjersle om å avvikle partiet. Begge sit i kommunestyret for Stordlisto under formell leiing av gruppeleiar Mjønes.

– Både eg og Arnfinn Saue stiller oss bak det som kom ut i pressemeldinga. Det er sånn det er blitt. Me har hatt det veldig lærerikt i tida som har vore, men det blei ikkje heilt sånn me hadde tenkt. Når dette kom fram så kjente eg at eg fekk litt roen.

– Burde ikkje dette blitt gjort på ein formell måte slik Mjønes påpeikar?

– Det blei vel gjort akkurat så formelt som Stordlisto har vore heile tida. Me har vel aldri hatt flust med formelle møte.

– Kva om Mjønes og andre ønskjer å vidareføre Stordlista på eige initiativ?

– Det synest eg blir heilt feil. Me har jo vedteke å legge ned lista. Viss ho vil lage si eiga liste er det berre å samle underskrifter. Stordlisto var noko heilt anna.

Blitt kontakta av andre parti

Ein ting verkar iallfall å vere sikkert. Korkje Margareth Ottesen Mjønes eller Tore Hatlevik ønskjer å leggje politikken på hylla.

– Eg har allereie blitt kontakta av andre parti som ønskjer å ha meg på lista. Eg må jo tenkje litt på det, men eg trur nok ting kan bli litt enklare om ein går inn i eit etablert parti, seier Hatlevik.

– Dette har uansett vore nokre veldig interessante og lærerike år. Eg er veldig glad for at Thor Gunnar nærmast tvinga meg opp på talarstolen. Men det var dumt at det blei slik som det blei.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -