Kurt Arne Tyse i Fronta fortel at selskapet har investert 53 millionar kroner i det nye varehuset på Heiane Vest.
- Annonse -

Biltema har konkludert med å trekkje seg heilt ut frå Stord ved årsskiftet som eit resultat av det siste avslaget frå Fylkesmannen. Men Fronta-sjef Kurt Arne Tyse har på ingen måte gitt opp håpet.

– Me er fast bestemt på å følgje dette vidare. Me er i dialog med kommunen og juristane våre og vill no vurdere kva som er neste steg, seier Fronta-sjef Kurt Arne Tyse etter at fylkesmannen i Rogaland no har vedteke å avslå klagesaka om etablering av Biltema på Heiane Vest.

– Kva slags moglegheiter har de no?

– Me kan jo framleis jobbe mot departementet, og eventuelt kan me ta ut søksmål. Me meiner det uansett det er feil å måtta søkje om dispensasjon, for dette er innanfor lokale vedtak.

Store investeringar

Det er Fronta som har hatt kostnaden knytt til tomta og varehuset som no er ført opp på Heiane Vest. Tyse opplyser at dette til no har kosta dei over 50 millionar kroner.

– Me har investert ganske nøyaktig 53 millionar kroner, så her er det ingen veg tilbake.

- Annonse -

Tyse legg ikkje skjul på kva han meiner om saksprosessen frå styresmaktene.

– Det hadde vore ein skandale for regionsenteret i Sunnhordland om me ikkje får ha ein Biltema-butikk her. Som me har påpeika tidlegare, så driv fylkesmenna i Rogaland og Hordaland med eit hattebyte der dei handsamar kvarandre sine klagar. Dei kommenterer ikkje ein gong innspela til advokatane våre i avslaget. Det er arrogant, seier Tyse.

– Er det realistisk å få andre leigetakarar til dette varehuset dersom det ikkje blir noko Biltema?

– Dette er ikkje ein gong ein problemstilling. Det blir Biltema i lokala, seier Tyse.

Dagleg leiar Egil Iversen i Biltema er skuffa over vedtaket. Foto: Biltema

– Veldig skuffande

Dagleg leiar i Biltema Norge, Egil Iversen, er derimot meir pessimistisk enn Fronta-sjefen. I følgje han er kjeda no på veg vekk frå Stord.

– Dette vedtaket er veldig skuffande. Me er i no i den settinga at me frå årsskiftet ikkje har nokon avtale på Stord. Då kjem me til å legge ned varehuset og trekkje oss får Stord. Dei som bur på Stord må dermed reise til Haugesund for å handle på Biltema.

– Betyr dette at de ser på vedtaket frå fylkesmannen som endeleg?

– Ja, korleis skal me elles oppfatte det? Det er jo ingen annan måte å tolke dette på enn at me som aktør er uønskt av fylkesmannen. Her må jo eventuelt Fronta-gruppa påverke. Det som er blitt skrive av advokatane deira er jo ikkje teke til etterretning i det heile teke.

12-13 mister jobbane

Ei nedlegging på Stord betyr at 12-13 tilsette vil miste jobbane sine.

For Biltema sin del så har ikkje det tomme varehuset ført til store kostnadar.

– Førebels er det ikkje så store kostnadar som har falle på oss, anna enn at me har måtta utsetje etableringa. Hadde dette vedtaket kome etter sommarferien hadde det vore verre, for då hadde me begynt å levert varar og innreiing til det nye lokalet. Det har me heldigvis fått stoppa. For Fronta-gruppa er det nok verre.

- Annonse -