Kjell Framnes i Fronta Bolig reagerer på forskjellsbehandling frå kommunen. Dei får ikkje lov til å bygge desse planlagde bustadane i Hatlandsåsen grunna skulekapasiteten ved Langeland skule. Foto: Fronta
- Annonse -

Fronta vil måtta heve salet av fem leilegheiter og lide økonomisk tap, som ein konsekvens av at Stord kommune har stansa utbyggingsplanar i Hatlandsåsen.

Utbyggjaren Fronta ønskjer å bygge ein seksmannsbustad og ein åttemannsbustad i Hatlandsåsen. Dei har allere selt fem av dei 14 leilegheitane, og klør etter å stikke spaden i jorda.

Men no har Stord kommune sett foten ned for prosjektet. Årsaka er at kapasiteten ved Langeland skule er sprengt, og at reguleringsplanen for Heiane Sør krev dokumentasjon av skuleplass.

I november skal saka no opp i forvaltningsstyret for politisk handsaming, då Fronta har søkt om dispensasjon frå rekkefølgekrava.

– Heilt feil at me skal sitje att med tapet

Dagleg leiar i Fronta Bolig, Kjell Framnes, seier det vil ha store økonomiske konsekvensar for selskapet dersom dei må setje planane på vent fram til ny skulebruksplan er vedteken.

– Dette vil få  store konsekvensar for oss. Me vil miste sala me har gjort der ute, og det får konsekvensar for sysselsetjinga vår. Me har gjort investeringar der allereie, og kommunen har visst om det. Det er heilt feil at me skal sitje att med tapet, seier Framnes.

- Annonse -

Fronta reagerer spesielt på at dei blir forskjellsbehandla med andre utbyggjarar i bydelen, mellom anna Valvatna Bygg sitt store utbyggingsprosjekt i Langelandsstølen som har fått løyve.

– Me fekk godkjent planen i Hatlandsåsen allereie i 2013. Planen for Langelandsstølen vart godkjent mykje seinare, i 2016. Den låg ikkje ein gong i kommuneplanen for bustadar, og det kom negative merknader frå skulen. Likevel godkjente politikarane denne utbygginga, seier Framnes.

– Situasjonen var ikkje betre i 2016 enn i 2013, det var heller motsett. Då godkjente dei planen utan rekkefølgekrav om at ein må dokumentere skuleplass. Me meiner det er konkurransevridande at dei behandlar oss så forskjellig.

FEKK LØYVE: Bustadfeltet Langelandsstølen fekk løyve utan å dokumentere skuleplass. Foto: Langelandsstølen

– Kommunen har vore utruleg passive

Framnes viser også til at det er blitt godkjent 25 bueiningar i Hatlandsåsen med Vestbo som utbyggjar.

– Kommunen har visst om denne situasjonen i fem år utan at dei har evna til å gjere noko med det. Me synest dei har vore utruleg passive. Me har jo kome med innspel om behovet for skule fleire gonger tidlegare, og det har dei ikkje teke omsyn til.

Framnes meiner det er svært uheldig at skulekapasiteten på Langeland og Leirvik skular set ein stoppar for bustadutvikling i bydelane.

– Viss dei står på dette vil jo det seie at det er byggeforbod frå Skjersholmane til Møllebrua, for kapåasiteten på Leirvik er også sprengt.

Kommunalsjef Lovise Vestbøstad, foto: Jonas Sætre/Stord24

Forstår frustrasjonen

Kommunalsjef i Stord kommune, Lovise Vestbøstad, har forståing for at Fronta er frustrerte.

– Eg har ingen problem med å forstå at Fronta er frustrerte. Men slik saka står no så må me forholde oss til dei politiske vedtaka. Kommunestyret vedtok i mai at Langeland skule er bygningsmessig og pedagogisk full, og reguleringsplanen for Heiane Sør seier at ein må dokumentere skulekapasitet før ein får løyve.

– Kvifor var det ikkje eit slikt rekkefølgekrav for Langelandsstølen, som no er under bygging?

– Då planen for Langelandsstølen vart godkjent vart det ei løysing på skulekapasiteten, ved at krinsgrensen mellom Tjødnalio og Langeland skule vart flytta. Men slik gjekk det jo ikkje. Då kan ein jo stille spørsmål ved om det burde vore rekkefølgekrav om skuleplass også når det gjeld Langelandsstølen.

Det same gjeld Vestbo sine bustadar i Hatlandsåsen, då vedtaka også her vart fatta då skulesituasjonen i fjor såg ut til å løyse seg.

– Uheldig situasjon

Vestbøstad vedgår at det no hastar å få vedteke skulebruksplanen.

– Det går ikkje an å utsetje dette når me ser kva slags konsekvensar det før. Me ser at dette er ein veldig uheldig situasjon.

– Er det slik at alle utbyggingsprosjekt i Langeland og Leirvik krins no blir sett på vent som følgje av skulekapasiteten?

– Det er dei gjeldande reguleringsplanane i eit kvart tilfelle som styrer dette. Plan- og bygningslova er ein ja-lov, så dersom det ikkje er eit rekkjefølgjekrav kan ein ikkje seie nei. Me har kapasitetsutfordringar også på Leirvik skule, men ikkje på samme måte som på Langeland.

Nils Magne Blålid i Stord SV., foto: Jonas Sætre/Stord24

– Må vere plass på skulen

Leiar i forvaltningsstyret, Nils Magne Blålid (SV), vil ikkje seie om han kjem til å gå inn for å gi dispensasjon, men seier det er vanskeleg å gi løyve når det ikkje er plass på skulen.

– Mitt personlege synspunkt er at når ein gir byggeløyve så må det vere plass på skulen. Det andre alternativet er at om ein gir løyve til å bygge, så må eit politisk fleirtal vere villige til å vurdere krinsgrensene.

Blålid erkjenner at politikarane har drive forskjellsbehandling av utbyggjarane, og viser til at det var det gamle forvaltningsstyret som gjorde det første vedtaket i Langelandsstølen.

– Det er ein forskjellsbehandling at rekkefølgekravet ligg som premiss her og ikkje for Langelandsstølen. Dette premisset gjekk meg hus forbi når saka om Langelandsstølen var til 2. gongs handsaming hos oss. Men dette kunne nok vore vurdert. Samtidig hadde det ikkje vore så lett å endre på det. Når det først er vedteke skal det mykje til å stanse det juridisk.

Samtidig peiker Blålid på at prosjekta i Langelandsstølen og Hatlandsåsen ikkje er heilt samanliknbare.

– Hatlandsåsen er eit mykje større område, og plass til mange fleire bustadar. Deter to forskjellige saker med ulike vurderingar som kan forsvare at den eine saka har rekkjefølgjekrav og den andre ikkje.

- Annonse -