Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Retten meiner 70-åringen frå Stord handla i naudvergje då han sparka til nokre hundar på ein joggetur ved Ådlandsvatnet.

Det var på sjølvaste julaftan i fjor at 70-åringen jogga rundt Ådlandsvatnet. Då han passerte ein familie på tur med tre hundar sparka han til to av hundane.

Like etter tok han tak i bandet til ein tredje hund, og slengte hunden rundt slik at den traff eigaren og hamna i grøfta.

Valdsutøvinga blei politimeldt av familien, noko som førte til at politiet gav mannen eit førelegg på 7.200 kroner for å ha utøvd vald mot dyr og krenka ein annan person fysisk.

Aksepterte ikkje førelegget

Mannen nekta å akseptere førelegget og meinte han ikkje hadde gjort noko ulovleg. Dermed blei saka sendt til Sunnhordland tingrett, der hovudforhandlinga blei halden førre veke. Tre vitne møtte og gav sin forklaring.

Retten skriv at det ikkje herskar tvil om at tiltalte utøvde vald mot hundane slik det er skildra i tiltalen. Retten meiner dette reint objektivt er eit brot på dyrevelferdslova.

- Annonse -
- Annonse -

Men usemja i saka går på spørsmålet om tiltalte har handla i naudvergje.

Spontan reaksjon

Tiltalte forklarte i retten at han kom joggande og tok igjen familien på tre. Då han skulle passere familien oppfatta han at hundane kom mot han og bjeffa, og framsto som aggressive. Han oppfatta dette som eit angrep, og førte til ein spontan reaksjon der han snudde seg og sparka til hundane i brystet.

Vidare forklarte 70-åringen at det oppsto ein diskusjon mellom han og ein av hundeeigarane, som enda med at hundeeigaren tok tak i han og rista han. Han forklarte at han då forsøkte å kome seg unna, og tok impulsivt tak i hundebandet og drog i det.

- Annonse -

– Han hadde då ingen tankar om at det var ein hund i andre enden av bandet, men som ein uheldig konsekvens blei denne slengt opp og svaia gjennom lufta før den traff bakken, forklarte tiltalte.

Ikkje straffbart

På bakgrunn av forklaringa har retten kome fram til at episoden då hundane blei sparka ikkje var straffbart, og viser til hundelova §14, som stadfestar at eit ulovleg inngrep mot ein hund er lovleg når nokon gjer det for å avvergje at hunden går til angrep.

– Retten har lagt vekt på tiltalte sin subjektive forståing av situasjonen, altså at han oppfatta at hundane var på veg til å angripe han. Vidare vert det lagt vekt på at sparka synest å vere avvergjande, og ikkje noko meir enn naudsynt.

Retten viser til at det ikkje er dokumentert noko form for veterinærbesøk i etterkant eller skadar på hundene.

Når det gjeld den andre handlinga, då hunden blei slengt gjennom lufta, meiner retten at forklaringane frå vitnene og tiltalte spriker såpass mykje at retten ikkje kan slå fast at eigaren blei påført ein kroppskrenking.

Retten kjem dermed fram til at tiltalte blir frifunnen og slepp å betale boten på 7.200 kroner. Vidare får han erstatning på advokatutgiftene på til saman 14.662 kroner.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -