Det blir opp til Nils Magne Blålid (SV) og resten av forvaltningsstyret å avgjere om byggearbeidet på Heiane Vest skal stansast. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Men leiaren i forvaltninggstyret, Nils Magne Blålid (SV), vil ikkje seie om han stiller seg bak partikollega Kjellbjørg Lunde si støtte til fylkesmannen.

Politikarane i forvaltningsstyret skal 1. februar avgjere om byggearbeidet for det nye Biltema-varehuset på Heiane Vest skal stansast grunna klagen frå fylkesmannen. Det opplyser Stord kommune til Sunnhordland i dag.

– Det blir ei vanleg klagesakd. Stord kommune står fast ved vårt syn om at Biltema-butikken er i tråd med reguleringsplanen, seier kommunalsjef i Stord kommune, Lovise Vestbøstad til avisa.

Leiaren i forvaltningsstyret, Nils Magme Blålid (SV) vi ikkje gi uttrykk for hans syn i saka no.

– Eg har ikkje ønskje om å meine noko om dette på førehand. Eg vil først diskutere det med partigruppa og administrasjonen.

– Fylkesmannen har rett

Blålid sin partikollega Kjellbjørg Lunde (SV) har likevel flagga at ho støttar fylkesmannen sitt syn i saka.

- Annonse -

– Fylkesmannen her faktisk rett; han klagar på vedtaket fordi kommunen har fatta dette i strid med den reguleringsplanen kommunen har vedteke og fått stadfesta. Overordna, vedtekne planer skal følgjast, det skal vere veldig spesielle tilhøve for å dispensere frå lovkravet. Vanskelegare er det ikkje, skreiv Lunde i ein kommentar på Facebook.

Blålid vil ikkje seie om han stiller seg bak Lunde sitt synspunkt.

– Det er iallfall ikkje noko me har diskutert i partiet, seier Blålid.

Ordførar Gaute Epland (Ap) støttar administrasjonen si positive innstilling i saka.

Sit roleg i båten

Salssjef i Fronta, Magne Jostein Mikkelson, seier at byggearbeidet framleis er i full drift, og at han ikkje har tru på at politikarane vil krevje at arbeidet stansar opp.

– Me forventar ingen stans. Eg forventar at kommunen held seg til det dei har sagt. Me vil sitje heilt roleg i båten, og har ikkje tru på at fylkesmannen kan gjere noko meir no. Butikken skal vere klar til opning 1. juni, seier Mikkelson.

- Annonse -