Prorektor for nærregion Stord og Haugesund i HVL, Liv Reidun Grimstvedt, seier at dei vil ta på alvor å gjere studiebyen Stord meir attraktiv. Foto: HVL
- Annonse -

DEBATT: Høgskulen på Vestlandet  svarar på redaktøren i Stord24 sin kommentar om fallande søkjartal ved Campus Stord.

Av: Liv Reidun Grimstvedt, prorektor for nærregionen Stord og Haugesund i HVL
Heidi Aarøe Moe, regionsdirektør i Sammen for Stord og Haugesund

Redaktør Jonas Sætre i Stord24 omtalar nedgangen i søkjartala ved studiestad Stord i ein kommentar 1. august. Han meiner det er grunn til uro, særleg for grunnskulelærarutdanninga, men og for studiestaden Stord. Me vil takke Sætre for å sette studiebyen Stord på kartet.

I kommentaren peiker Sætre på fleire forhold som han meiner kan vera noko av årsakene til søkjarnedgangen: lite attraktive studentbustader, usentral plassering og konkurransen mot studiebyen Bergen. Sætre kjem og med innspel på tiltak og moglegheiter for å gjera studiebyen Stord meir attraktiv. Det set me pris på.

Gjennom kommentaren utfordrar han politikarar, vertskommune, samskipnad, regionen og høgskulen om å ta ansvar kvar for seg – men og i lag. Og det er viktig.

Ein attraktiv studieby er eit felles ansvar.

- Annonse -

Å ha ein god og attraktiv høgskule som tiltrekk seg studentar er viktig for heile regionen mellom Boknafjorden og Bjørnefjorden, Vestland og heile Vestlandet med. Ein høgskule gir tilgang på god og naudsynt arbeidskraft til både offentlege og private verksemder.

Me veit og at studentar og tilsette er viktige bidragsytarar i både kultur-, idretts- og samfunnsliv. Og ikkje minst er ein høgskule viktig for regional forsking, utvikling, omstilling og innovasjon.

No ved studiestart er me i gong med å analysere og dukka djupare ned i søkjartala. Dette arbeidet vil me ta med oss inn i Studiebyutvalet, campusrådet og i samarbeidet vårt med arbeidslivet. Dette er viktige utval kor høgskule, samskipnad, studentar, arbeidsliv og vertskommune møtast, drøftar saker og samarbeider.

Første sak i haust må vere: Korleis gjere studiestaden og studiebyen Stord meir attraktiv?

- Annonse -