Illustrasjonsfoto: UP
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Blei teken av politiet då han køyrde i 153 kilometer i timen i 80-sona ved Børtveit i sommar.

Det var i starten av juni at den unge bilføraren frå Fitjar, som er i slutten av tenåra, blei teken då han køyrde heile 67 km/t over fartsgrensa.

Farten vart av politiet målt til 153 kilometer i timen i 80-sona, då han køyrde forbi Børtveit ved Langenuen.

I skjerpande retning legg Sunnhordland tingrett vekt på at den høge hastigheita i seg sjølv representerer ein betydeleg risiko for trafikktryggleiken, både for seg sjølv og for andre medtrafikantar. I tillegg legg retten vekt på at føraren var ein relativt nybakt sjåfør og hadde avgrensa erfaring som bilist.

Samtidig meiner retten det er formildande at ungdomen har gitt ein uforbehalden tilståing, samt at råkøyringa fant stad på ein strekke utan andre bilar til stades, med gode køyreforhold.

- Annonse -

Retten kom fram til at fitjarbuen skal straffast med fengsel i 20 dagar.

- Annonse -
- Annonse -

I tillegg blir den unge bilføraren dømt til å miste førarretten i 20 månadar. Han må avlegge full ny førarprøva for å få lappen tilbake.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -