Snart blir det mykje enklare å ta buss i Sunnhordland. Illustrasjonsfoto: Bømlo kommune
- Annonse -

Ungdomsrådet på Fitjar er svært frustrerte over skuleskyssen og det generelle busstilbodet til Skyss.

Av: Fitjar ungdomsråd

Me i Fitjar ungdomsråd høyrer ofte klager på bussen. Det kan vere at den kjem for seint, køyrer for fort, køyrer forbi busstopp eller liknande. Dette har no gått for langt.

Me kan ikkje ha det slik at ein ikkje veit om bussen kjem for tidleg eller for seint. Me ynskjer ein slutt på dette.

Skuleskyss:

Fleire av oss tar skulebuss nesten kvar dag, og nesten kvar dag kjem bussen for seint. Dette fører til at me kjem for seint på skulen og kanskje må me sitte igjen den stunda me kom for seint etter skulen.

Når bussen kjem for seint har den ikkje tid til å vente til folk har fått sett seg ned. Det har også hendt at den køyrer med dører opne fordi den ikkje rekk å lukke dei før den køyrer, eller at han lukker dei så fort igjen at ein ikkje rekk å komme seg skikkeleg inn på bussen før dørene blir smelt igjen bak deg. Ei av oss har sjølv opplevd at sekken blir klemt i døra fordi sjåføren ikkje har tid til å vente til ein har kom seg skikkeleg på. Dette kan føre til alvorlege ulykker. Tenk om ein liten unge klemstra fingrane sine i døra.

- Annonse -

Nokre gangar kjem også bussen for seint til å hente born på skulen etter skuletid. Me har sjølv opplevd at bussen ikkje har vore på skulen før ein halvtime etter tidspunktet den skulle vore der på. Skulebussane heim er også veldig fulle. Det er mange ungdommar som må stå på bussane. Nokre gangar er det så fullt at dei sperrer utgangane.

Det hender også at bussen køyrer forbi busstopp som til dømes i Koløyholmen, slik at elevar ikkje kjem seg på skulen. 29.01.18 kom aldri bussen til elevane i Dåfjorden. Det var mange som ikkje kom seg på skulen denne dagen fordi dei ikkje hadde nokon som kunne køyre dei. Dette blir for dumt. Det skal ikkje vere slik at bussen går ut over vår eigen skulegong.

Bussane køyrer også veldig fort. Når bussen køyrer over fartshumpar, hopper ein himmelhøgt sjølv om ein har setebelte på. Nokre gangar køyrer bussen halvvegs opp på fortauskanten. Innimellom bråbremser den slik at ein blir slengt fram i setet.

Generelt busstilbod:

Det er ikkje berre i skuleskyssen at bussen er for sein. Det var ein situasjon på Stord der ei dame med barnevogn skulle på bussen. Bussen hadde det for travelt til å hjelpe ho om bord med barnevogna slik at ho ikkje kom med på bussen. Slik skal det ikkje være.

Nokre gongar har ikkje bussjåføren tid til å ta betaling. Viss bussen kjem for seint er det mange som ikkje rekk korresponderande  bussruter om dei skal vidare.

Nokre gangar kjem bussen også for tidleg utan å stoppe å vente til tida er der. Då er det nokon som ikkje rekk bussen. Det hender også nokre gangar at bussen køyrer forbi buss stopp der det står folk som skal på.

Hundar på bussar er også eit stort problem. Eigarar lar hundane få sitte i setet slik at det blir dekt i hundehår. Dette er ikkje greitt. Tenk på folk som er allergiske. For dei er det rett og slett forferdeleg å ta buss.

Det er også eit problem at det står feil namn på både busser og stader i rutene. Dette blir ekstremt forvirrande for mange, spesielt folk som ikkje er vant med å ta buss. Mange skulle også ønske at det gjekk busser mellom Stord å Fitjar litt oftare, spesielt i helgene. Det også eit ønske om ein buss så går i frå Leirvik bussterminal rundt kl. 9 om kvelden.

Mvh Fitjar Ungdomsråd

Alice Rose Mehammer
Håvard Fitjar
Romante Zemgulyte
Oda Volden de Fine
Eline Fitjar Hjelle
Jonas Torvund Midtsæter
Deivid Kobanovs
Hanan Anhwar Ahmed
Jakob Rolfsnes
Tori Vestbøstad
Mathilde Kloster
Eirin Moldestad Oma
Tuva Nysæther
Ida Marie Sandvik

- Annonse -