Skipsverftet Simek i Flekkefjord melde oppbod i sommar. Foto: Simek
- Annonse -

Fitjar-verftet har tilsett ingeniørar og innkjøparar som mista jobben då verftet Simek i Flekkefjord melde oppbod i sommar.

I sommar gjekk skipsverftet Simek i Flekkefjord konkurs etter å ha sagt opp alle dei rundt 150 tilsette.

I ein avisartikkel i Flekkefjords Tidende denne veka vert det spekulert om Fitjar Mekaniske Verkstad kunne vere ein aktuell oppkjøpskandidat av konkursbuet.

Verftsdirektør ved Fitjar Mekaniske, Hugo Strand, seier til Stord24 at dei allereie har tilsett folk frå det nedlagte verftet.

– Me har allereie tilsett seks-sju stykker då dei gjekk konkurs. Dette er ingeniørar og innkjøparar, og dei kan sitje der nede å jobbe.

Han fortel at desse er tilsett for å hjelpe på kapasiteten på Fitjar.

- Annonse -

– Det er eit teikn på at me har mykje å gjere. Difor treng me litt fleire nevar i sving. Me kjenner jo dei godt frå før.

I følgje Strand er det førebels for tidleg å seie om Fitjar Mekaniske kjem til å kjøpe konkursbuet, men avkreftar at det vil bli aktuelt å bygge skip på verftet.

– Me har ikkje nok aktivitet per no til å kome i gang med noko skipsbyggingsmessig. Dersom det skulle bli noko så er snakk om kontorplassar. Men det er ingenting som er avgjort.

Strand fortel vidare at dei tidlegare har sett på moglegheita for å leige seg inn på Simek då dei verksemda framleis var i drift.

- Annonse -