Her på Aarskog industriområde er det god plass for nyetableringar. Men først må det lagast detaljreguleringsplan. Foto: Harald Johan Sandvik
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det hastar med å legge til rette for tomtesal i Årskog industriområde, for det er mange som bankar på og ynskjer å investera, er konklusjonen frå ordføraren og rådmannen.

Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten

Dei siste åra er store areal i området sprengt og planert i Årskog industriområde på Fitjar. K. Volden Transport AS har hatt fleire steinknusarar i drift, og har levert sortert stein til mange prosjekt rundt på øya.

Formannskapet i Fitjar diskuterte den spennande næringssaka onsdag kveld.

Nord for vegen ut til djupvasskaien er heile Leirpollneset skote ut og planert, delvis fylt ut i sjø, og sør for vegen er store område grovplanert.

Det gir Fitjar kommune eit godt utgangspunkt for å tilby tomter til næringslivet. Formannskapet har vore innom saka fleire gonger dei siste månadene. Reguleringsplanen for industriområdet var stadfesta i kommunestyret i november i fjor. No gjeld det detaljplan, for å vera i forkant og kunna leggja til rette for aktuelle interessentar. Delareal 2 har fokus no. Det er området frå djupvasskaien og sørover til grensa mot Breivik.

- Annonse -

Før det vert søkt om nye tiltak, skal detaljreguleringa for det aktuelle området vera utarbeidd. Tomtedeling, byggjegrenser, planeringshøgder, vegføringar, avkøyrsler, overvatn, renovasjon, straum og breiband med meir skal inngå i reguleringa.

Det er lagt til rette for utfylling i sjø. Alle tiltak i sjø krev løyve etter hamne- og farvasslova. Større tiltak som utfylling eller kaibygging krev god dokumentasjon. Difor må ein alt no få utarbeidd nødvendig dokumentasjon for miljø- og grunntilhøva på sjøbotnen. Desse tenestene må kjøpast, og er stipulert til inntil 1 million kroner.

For planlegging av vatn, avlaup, vegføring, byggegrenser med meir, må kommunen også kjøpa tenester. Dette er stipulert til kr. 300.000.

Ordførar og rådmann informerte om prosessen. Det hastar, for det er mange som bankar på og ynskjer å investera i Årskog. Formannskapsmedlemene støtta fullt opp om saka, og streka under at dette er svært viktig. Fitjar er og skal vera ein attraktiv kommune for næringslivet!

I det samrøystes vedtaket i saka ber formannskapet administrasjonen om å starta arbeidet med situasjons/ byggjeplan for delareal 2. Tiltaket vert finansiert ved bruk av ubunde investeringsfond Kapitalfond.

- Annonse -