Ordførar Wenche Tislevoll gir seg som ordførar i Fitjar etter neste års kommunestyreval. Foto: FP-arkiv/HCH.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Fitjar kommune er aller billigast i Hordaland på eigedomsskatt og kommunale avgifter til saman.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Dette går fram av ei pressemelding frå Huseiernes Landsforbund. Desse tala er såleis mykje meir gledelege å lesa enn dei me kunne presentara for ei tid sidan om byggesaksgebyr. Der trona Fitjar heilt på topp i Hordaland med 28 000 kroner, medan Granvin berre tek 4610 kroner for det same.

Når det kjem til samla tal for kommunale gebyr og eigedomsskatt er situasjonen ein heilt annan. Granvin i Hordaland er på topp med 19 010 kroner i avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing. Inkludert eigedomsskatt på 4 580 kroner kostar det 23 590 kroner i året å vera huseigar i Granvin.

Dei tilsvarande tala for Fitjar er 8 788 kr i kommunale gebyr og 2 025 kr i eigedomsskatt, totalt 10 813 kr. Det samla talet er det lågaste for kommunane i Hordaland. På heimesida til Huseiernes Landsforbund kan du sjekka Oversikt over kommunale gebyrer og eiendomsskatt i 2018.

Det er store forskjellar frå kommune til kommune, og her kjem dei tilsvarande tala for nokre av nabokommunane våre (kommunale gebyr + eigedomsskatt):

- Annonse -
- Annonse -

Fitjar:         10 813 kr  (8788 kr + 2025 kr)

- Annonse -

Tysnes:     12 332 kr   (7544 kr + 4788 kr)

Stord:        16 053 kr  (13333 kr + 2720 kr)

Bømlo:      17.139 kr  (12 139 kr + 5000 kr)

Austevoll: 12 858 kr  (12 858 kr + 0 kr)

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -