Me kan sjå fram til ei god folkevekst på Stord dei neste 20 åra. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I følgje Statistisk sentralbyrå sin nyaste framskriving av folketalet i norske kommunar kjem både Stord og Fitjar svært bra ut.

Den ferske framskrivinga til SSB er hyggeleg lesing for begge kommunane på Stord-øya. Statistikarane spår ein folkevekst på 16,6 prosent og 17,1 prosent for høvesvis Stord og Fitjar kommune fram mot 2040.

Dette betyr at me vil vere 21.889 innbyggjarar i Stord kommune i 2040, meir enn 3000 fleire enn i dag. På Fitjar trur SSB at det vil vere 3.741 innbyggjarar om dryge 20 år, nesten 600 fleire enn i dag.

Bømlo vil i følgje SSB auka folketalet sitt med rundt 1300 personar, og vil då ha eit innbyggjartal på 13.244 i 2040.

Fleire i alle aldersgrupper

Det er i ei auke av eldre som vil stå for hovuddelen av folkeauken i dei fleste kommunane, men i mindre grad på Stord. Det vil bli auke i aldersgruppa 0-20 i Stord, Fitjar og Bømlo.

SSB trur det vil bli 850 fleire personar over 70 år på Stord i 2040, og 320 fleire barn og ungdom.

- Annonse -
- Annonse -

Tendensen er tydeleg i SSB sin framskriving av innbyggjartalet i dei ulike kommunane. Grisgrendte strøk og usentrale kommunar kjem til å oppleve ein markant fråflytting og befolkingsnedgang.

- Annonse -

I det nye Vestland-fylket vil det vere 59 kommunar. Av desse vil heile 38 av kommunane ha færre barn og unge i 2040.

Spår kraftig forgubbing i Kvinnherad

I vår region er det spesielt Kvinnherad som i følgje SSB kjem til å lide ein slik skjebne. Byrået trur det vil vere 1100 færre innbyggjarar i kommunen i 2040, ei nedgang frå rundt 13.200 til 12.100.

Med tanke på at me blir eldre og eldre ser situasjonen endå mørkare ut for naboane våre i aust. Talet på personar under 20 år i Kvinneherad vil i følgje SSB gå ned frå 3266 personar i dag til berre 2500 om dryge 20 år.

Samtidig talet på dei over 70 vil auke markant, frå 1950 personar i dag til rundt 3000 i 2040. Med unntak av småkommunane Samnanger og Granvin, er det ingen kommunar i Hordaland som vil ha så stor del av eldre i befolkinga som Kvinnherad.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -